Norsk fotball trassar åtvaringane til brannvesenet – vil forlengje pyroordning
Norges Fotballforbund vil forlengje dispensasjonen som tillèt bruk av pyro på kampar, i to år til. Brannvesenet vil avvikle ordninga.
Tidlegare i januar sende NFF inn ein søknad til Justis- og beredskapsdepartementet og Kultur- og likestillingsdepartementet.
Der blir det søkt om at ordninga, som vart sett i verk sommaren 2024, skal forlengjast ut 2027. Ordninga gjekk ut ved årsskiftet. Søknaden er signert NFF, Norsk Toppfotball og Toppfotball Kvinner.
Saman med søknaden følgjer ei 23 siders lang evaluering av ordninga der det blir tilrådd ei vidareføring. I tillegg kjem desse tilrådingane:
- Det må setjast opp ei liste med produkta som eignar seg til bruk på tribunen innan seriestart 2026.
- Rolla til brann- og redningsvesenet bør vurderast, og DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap), som den overordna fagstyresmakta til brann- og redningsetatane, bør sikre lik praksis.
- NFF må halde fram med å utvikle punkt i rammeverket og i sanksjonssystemet med bakgrunn i denne evalueringa.
I evalueringa kjem det fram at Norsk Supporterallianse (NSA) meiner ordninga har vore ein suksess. Politiet seier at hovudinntrykket «er at den ulovlige og ukontrollerte bruken av pyrotekniske artikler under fotballkamper er redusert».
Reagerer
Men ikkje alle heiar på dispensasjonen. Brann- og redningsetaten i Oslo er klar på at ordninga ikkje bør førast vidare.
Det blir argumentert med at pyro utgjer ein risiko, og at ordninga har ført til meir jobb for brannvesenet. Det går ut over andre førebyggjande oppgåver.
– Pyrotekniske artiklar er ikkje laga for bruk på slike arenaer, fordi dei representerer ei enorm varmestråling med fare for brannsmitte til menneske og materiell og fordi dei produserer store mengder giftig røyk som er helseskadeleg, utdjupar kommunikasjonssjef Sigurd Folgerø Dalen i Brann- og redningsetaten i Oslo.
– Det gjer sikt og rømmingsmoglegheiter for publikum dårlegare i ein eventuell akuttfase, legg han til.
Heller ikkje brannvesenet i Trøndelag eller Rogaland ønskjer å føre vidare ordninga, kjem det fram i vedlegga til evalueringa. Det er dei tre av totalte fire som har fått høve til å svare på spørsmål i evalueringa.
Klubbane ønskjer bluss
Dispensasjonen for bruk av pyro på tribunane er under strenge avgrensingar, og det er føresett at den lokale brann- og redningsetaten har godkjent det.
NFFs tal viser mellom anna at ulovleg bruk av pyro har gått ned, og at det har vore færre stopp i spelet. Ei undersøking viser at 96 prosent av herrelaga i Eliteserien og 1. divisjon ønskjer at ordninga skal halde fram.
Ved sesongslutt hadde 12 av 16 klubbar i Eliteserien søkt om og fått godkjent bruk av pyro. To klubbar har fått avslag, medan to klubbar ikkje har søkt.
Det er under to månader til seriestart i Eliteserien. HamKam – Viking laurdag 14. mars er første kamp ut.







