Rekordstor auke i søknader frå USA til norske folkehøgskular
Både amerikansk politikk og ein dokumentarfilm om ein norsk folkehøgskule kan vere grunnen, ifølgje Folkehøgskolene.
Søknadene frå USA til norske folkehøgskular har auka med 40 prosent samanlikna med same periode i fjor. Det viser nye tal frå Folkehøgskolene.
Totalt er det 48 fleire søknadar, med 121 søknadar til skuleåret 2025/2026, og 169 søknadar til skuleåret 2026/2027, skriv Folkehøgskolene i ein e-post til Framtida.no.
Dette er søknadtala frå 1. oktober til 15. januar, men ein kan søke fram til skulestart.
Amerikanarane tek også direkte kontakt for å sikre seg skuleplass, fortel informasjonsleiar Dorte Birch i ei pressemelding.
– Vi får ofte ein auke i e-post og telefonar frå USA når det skjer kontroversielle ting i amerikansk politikk, fortel ho.
– Nokon seier rett ut at dei vil komme seg vekk frå landet.
Medan norske elevar kan få lån og stipend gjennom Lånekassen, må amerikanske søkjarar betale heile skuleåret sjølv.
– Amerikanarane er vande til å betale for å gå på skule, og mange synest prisen du betaler for mat, rom og studieturar er meir enn fair, seier Birch.
Den svake kronekursen bidreg også til å gjere skuleåret rimelegare for søkjarane frå USA.
Birch trur også auka interesse kan henge saman med den amerikanske dokumentaren Folktales, som nyleg hadde premiere på NRK i Noreg. Filmen følgjer elevar ved Pasvik folkehøgskule i Finnmark, er kortlista til Oscar for beste dokumentar og har fått god mottaking i USA.
Trass i auken understrekar Birch at folkehøgskulane ikkje vil bli dominerte av amerikanske elevar.
– Skulane kan berre ha ti prosent elevar som kjem frå land utanfor EU/EØS, og sjølv om mange skular har eit internasjonalt miljø, er eit klart fleirtal av elevane norske, seier ho.







