«Arbeidarpartiet frys Noreg fast i tid»
Det siste Noreg treng er enda fleire leitelisensar, og ein statsminister som speler på lag med fortida, skriv Skai Van der Hagen (22).
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Eg veit ikkje om eg skal le eller gråte. Trass tydelege beskjedar både frå FN og forskarar verda over, delte regjeringa ut 57 nye leitelisensar denne veka.
Det er heilt absurd, særleg når vi veit at vi allereie har funne meir olje enn det vi kan brenne om vi skal nå klimamåla, og unngå kostbare konsekvensar.
Vil bite oss i ræva
I år legg regjeringa opp til å investere nesten 250 milliardar kroner i den døyande oljenæringa. Dette står i rak motsetning til resten av verda, som investerer dobbelt så mykje i fornybar energi som i fossil energi. Regjeringas politikk frys Noreg fast i tid, og det kjem til å bite oss i ræva både etisk og økonomisk.
– Land som klamrar seg til fossilt brensel vernar ikkje økonomiane sine. Dei saboterer dei, sa FNs generalsekretær António Guterres i fjor.
Energiminister Terje Aasland og Arbeidarpartiet set opp eit falskt dilemma, ved å argumentere med energiforsyning til Europa. At Noreg skal forsyne Europa med olje så lenge dei treng det, er det ingen som protesterer på.
Men desse landa som vi sel 90 prosent av olja vår til, har forplikta seg til å kutte ned bruken av fossil energi med 70 prosent innan 2040 – eit mål dei ligg an til å nå. Då har dei nye felta så vidt rokke å starte opp. Så skal det pumpast opp olje i fleire tiår etter at klimamåla til Arbeidarpartiet sjølv skulle ha vore nådd.
Grønvasking
Aasland insinuerer på Dagsrevyen at norsk olje har lågare utslepp, og er meir miljøvenleg enn anna olje. Norsk olje er ikkje meir miljøvennleg enn anna olje. Vi veit at 98 prosent av utsleppa skjer når olja blir brend, ikkje under utvinninga.
Arbeidarpartiet kan grønvaske norsk olje så mykje dei berre vil, men ei utfasing er det einaste som vil føre til reelle utsleppskutt.
Enn så lenge bidreg den norske oljeindustrien til å sende millionar av menneske på flukt, ta livet av folk i hetebølgjer og flaumar, og drukne øyer i Stillehavet. Vi tener oss med andre ord rike på andre sine tragediar.
Det siste Noreg treng no
I staden for å vere eit grønt føregangsland, dreg Støre oss baklengs inn i framtida. Jo lenger vi ventar. Desto vanskelegare blir omstillinga, desto meir biomangfald vil vi miste og desto fleire menneske vil bli drivne på flukt.
Det siste Noreg treng er enda fleire leitelisensar, og ein statsminister som speler på lag med fortida. Det er på tide å ta natur, klima og menneskeliv på alvor, og få på plass ei utfasingsplan!






