Ungdomsorganisasjon vil sove på luftmadrass i klasserom – skulane seier nei

Det har vorte vanskelegare å finne skulelokale til overnatting, fortel Press-leiar Marius Sjølyst. – Det kosta meir enn det smakte, svarar ein Oslo-skule.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Denne saka er ein del av prosjektet «Frivilligheit i individualismens tid», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.

For ungdomsorganisasjonar som arrangerer leirar og samlingar for medlemmene sine, har skulelokale ofte vore redninga.

At deltakarane kan blåse opp ei luftmadrass på golvet i eit klasserom, bruke garderobane og lage mat på skulekjøkenet for ein billig penge, sikrar at prisane kan haldast nede.

Marius Sjølyst, leiar i Press – Redd Barna Ungdom, opplever at det har vorte vanskelegare og vanskelegare å få tilgang på skulelokale i Oslo.

Press held seminar i hovudstaden, sidan det er nært kontoret deira, så dei kan bruke sine eigne fasilitetar i programmet.

– Før opplevde ein at gode lokale var lett tilgjengelege. Men no vert det innskrenka meir og meir, seier han.

Utdanningsetaten i Oslo skriv til Framtida at skulane leiger ut lokala sine til lag og organisasjonar i stor grad, men at skulane ikkje er bygde for overnatting. Les heile svaret lenger nede i saka.

Dyre alternativ

Sjølyst fortel at fleire skular Press tidlegare har brukt som overnattingsstad fleire gonger i året, no seier nei. Nokre avslår utan forklaring, andre viser til at dei har pussa opp lokale og derfor ikkje leiger ut til overnatting.

Alternativet til å sove på skule er mykje dyrare, understrekar Sjølyst.

Å leige folkehøgskular, hotell eller andre konferanselokale kan koste over 100 000 kroner. Det er mykje for ein frivillig omsorganisasjon med unge medlemmer.

– Vi har eit høgthengande prinsipp om at det skal vere gratis å delta i Press. Vi har medlemmer som ikkje kunne vore med om vi hadde teke deltakaravgift, seier han.

Utfordring over heile landet

Jakob Øvensen Aanderaa, styreleiar i Landsrådet for Noregs barne- og Ungdomsorganisasjonar (LNU), kjenner igjen problematikken.

Han har tidlegare sete i styret til Operasjon Dagsverk. Over fleire år merka han vanskar med å få tak i skular til å halde konferansar, som hadde passande fasilitetar og tillét overnatting.

Erfaringa er at tilbodet kan variere ettersom skular bytar rutinar, leiing og administrasjon. Nokre skular har hatt dårlege opplevingar med ein leigetakar, og ønsker av den grunn ikkje å leige ut meir.

Han fortel at tilbakemeldingane frå medlemsmassen til LNU stort sett er lik over heile landet: Det er vanskeleg å skaffe lokale til ein rimeleg penge. Særleg viss ein treng overnatting og moglegheiter til å lage mat.

– Det er så vanskeleg at nokre ikkje prøver ein gong, seier han.

– Sløseri

Aaneraa understrekar at bygga det er snakk om, som regel er eigde av det offentlege. Når frivillig sektor er finansiert over statleg og kommunalt budsjett, gir det meining å stille bygga til rådigheit, meiner han.

– Eg har forståing for at skulane vil ta vare på bygga sine. Men det er synd at ein sløser bort moglegheitene til å skape god aktivitet og glede.

Han meiner også det er sløseri å bruke mykje offentlege pengar på å bygge fine skular som vert ståande tomme utanom skuletid.

Lang tradisjon

Også Marius Sjølyst i Press meiner det offentlege bør støtte opp under frivillige ungdommar der ein kan.

– Dei fleste ungdomsorganisasjonar har ikkje eit massivt budsjett, og er utruleg sårbare i dyrtid, seier han.

Han seier at Press klarar seg godt økonomisk, men at det ikkje er mykje om å gjere før det kan gå dårlegare. Dei brukar opp mot 1 million kroner i året på arrangement og tilbod for medlemmene, og har ikkje råd til å bruke mykje pengar på lokale.

– Frivilligheita har ein lang tradisjon med å sove på luftmadrassar i eit kaldt klasserom. Vi ber ikkje om så veldig mykje. Men vi treng fleire lokale, seier han.

– Kosta meir enn vi fekk tilbake

Framtida har vore i kontakt med eit knippe skular i Oslo for å spørje om deira praksis rundt utleige av skular til overnatting.

Fleire av dei oppgir på nettsidene sine at dei i utgangspunktet ikkje leiger ut til overnatting.

Førstesekretær Anne Trine Nyborg ved Tøyen skole gir eit kort, oppsummerande svar på spørsmåla Framtida stiller på e-post:

– Det er fleire år sidan vi slutta med overnatting på skulen. Vi fann ut at det kosta meir enn vi fekk tilbake. Både av pengar og slitasje. Det må også vere ein tilsynsvakt i beredskap heile tida, skriv ho.

Andre skular Framtida kontakar, svarar ikkje på spørsmåla i det heile.

– Ikkje bygde for overnatting

I mangel på utfyllande svar direkte frå skulane, tar vi kontakt med utdanningsetaten i Oslo kommune.

Anders Fremming Anderssen, direktør for avdeling for skuleanlegg, svarar at dei oppmodar skulane til å låne ut til frivillige aktørar, og at skulane vart lånte ut over 300 000 timar i 2025.

Han slår derimot fast at skulebygga ikkje er bygde for overnatting.

– Skulebygga våre er bygde for, og regulert til, undervisingsføremål. Dersom bygga skal kunne brukast til overnatting som eit fast tilbod, vil det medføre ei bruksendring av bygga, med fleire følgekrav, skriv han.

Han forklarar at skulane må avgrense talet overnattingar slik at det ikkje strir med godkjenningane til bygget.

– Det er skulane sjølve som vurderer om dei har moglegheit til å låne eller leige ut til overnatting. Overnatting i skuleanlegg krev omfattande organisatoriske tiltak, skriv han.

Lite regelbrot

Anderssen kjenner ikkje til at skulane har hatt stor utfordring med rot, skadar eller andre regelbrot etter utleige til organisasjonar.

– Skulane lånar i stor grad ut lokala sine når kommunen ikkje har behov for lokala sjølve, skriv han.