Her er deltakarane i årets «Team Pølsa»

I sesong to av «Team Pølsa» skal deltakarane lære seg å skyte og avslutte med skiskyting i løypene i Holmenkollen torsdag 19. mars.

NPK-NTB
Publisert

– I skiskyting skal ein ikkje berre meistre det å gå på ski, men også takle nervar og pust for å treffe den vesle blinken langt der borte. Det er ei stor og ny utfordring som blir ekstra spennande både for deltakarane og for publikum, seier Randi Helland, redaksjonssjef for Fakta i NRK i ei pressemelding.

Den første episoden av førre sesong av «Team Pølsa» er til no sett av 1,5 millionar sjåarar, og dei seks episodane er i snitt sett av over 1,25 millionar sjåarar.

– Deltakarane førre sesong blir ikkje gløymde, men de får fleire heltar å heie på. Dei er herlege og ulike på kvart sitt vis, seier teamleiar seier Øystein Pettersen.

Dei nye deltakarane har ulike kognitive og fysiske funksjonsnedsetjingar.

  • Synne Lykkeslet (14) frå Oppegård (Funksjonsnedsetjing: OCD, autisme og Tourettes syndrom)
  • Kornelius Smeby-Ryen (13) frå Kongsvinger (Funksjonsnedsetjing: Ryggmergsbrokk og hydrocephalus)
  • Eleah Tysdal (13) frå Stjørdal (Funksjonsnedsetjing: ADHD og utviklingshemming)
  • Benjamin Midtbø Høydal (11) frå Rutledal i Gulen (Funksjonsnedsetjing: Dysmeli)
  • Alva Bjerrehorn (13) frå Trondheim (Funksjonsnedsetjing: Sterkt svaksynt)
  • Erik Damsgård Tomter (14) frå Tvedestrand (Funksjonsnedsetjing: Williams syndrom og utviklingshemming)