Ho får Tarjei Vesaas’ debutantpris
26 år gamle Amalie Kasin Lerstang fekk laurdag Tarjei Vesaas’ debutantpris for «Europa».
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Debutantpris til Lerstang
– Det er ei veldig fin anerkjenning og eit stort dytt i ryggen vidare for å skrive meir, seier ein superglad vinnar til NRK.no.
Amalie Kasin Lerstang vann prisen for debutromanen «Europa», som handlar om ei ung kvinne som flyttar heim då ho finn ut at ekskjærasten har skrive bok om ho. Hovudpersonen er i tillegg gravid og reiser difor ut i Europa før magen vert synleg. I ein ikkje namngitt storby vert ho kjent med nye menneske og eit Europa i krise.
Boka har fått gode omtalar og har tidlegare vore nominert til Ungdommens kritikarpris 2014.
Juryen meiner Lerstang har eit ungt blikk på verda – ei verd i stadig og uroleg forandring. Samstundes syner forfattaren ein betydeleg formsans og ein tydeleg konsekvens i bruken av litterære verkemiddel.
Ovanfor NRK avslører Lerstang at ho allereie er i gang med eit nytt manus.
Faktaboks
Tarjei Vesaas' debutantpris
Litteraturpris til beste debutant under 35 år
Prisen vart stifta i 1964 av Tarjei Vesaas med prispengane han fekk då han vart tildelt Nordisk råds litteraturpris for romanen «Isslottet»
Målet er å gje støtte og oppmuntring til unge talent
Vert delt ut årleg av Den norske Forfatterforening
Foreininga sitt Litterære råd er jury, og består av ni medlemmer
Prisen er på 60.000 kroner
Tidlegare vinnarar er mellom anna Lars Petter Sveen, Jan Erik Vold, Lars Saabye Christensen og Kjersti Annesdatter Skomsvold
(Kilde: Forfatterforeningen, Wikipedia)