Bokmelding: Så går vi ned – Vond sanning

I Så går vi ned får me sjå korleis rasisme kan dra ut noko av det verste i mennesket.

Herman August Søberg
Publisert

Når me tenker på rasisme i dag, tenker me kanskje på ein frekk kommentar eller urettvis oppførsel, men slik har det ikkje alltid vore.

Under slavehandelen avhumaniserte rasismen alle som ikkje var kvite; dei mørkhuda var berre kropp. I Så går vi ned får me sjå korleis rasisme kan dra ut noko av det verste i mennesket.

Jesmyn Ward har skrive ei lang rekke med bøker, og no i september blei den norske versjonen av Så går vi ned utgjeven. Ward har basert mykje av det ho har skrive på eigne erfaringar, og i den nyaste romanen hennar skriv ho om rasismen som var under slavetida.

I boka følger me Annis som er fødd og oppvaksen på ein herregard. Det er brutale levekår: dei blir utsvelta, utarbeidd, og utavla. Dei er som dyr – udyr – som berre lever for å bli slakt. Annis si reise er lang, og ho må både gjennom ein plantasje og ein lang slavemarsj. Å vere slave var vel på nokre vis som å vere død.

«Hvorfor er jeg her, med livet på den ene hofta og døden på den andre.»

Realistisk men treig

Sidan romanen handlar om slaveri, er det naturleg at me får oppleve det slik som det faktisk var. Me er med på den lange turen til plantasjen, me er med gjennom dei lange dagane, og me kjenner smerta av dei manglande måltida.

Det gjer boka litt treigare å lese, men samstundes er det dette som gjer at ein faktisk kan infiltrere seg inn i livet deira og verkeleg sjå elden i auga på herren og kjenne vondtet på huda når han slår.

Det er rett og slett ei vond sanning som me treng å høyre og hugse.

Vond å lese

Eg synest det er vanskeleg å tenke meg kor vondt og smertefullt og grufullt det var å vere slave, men Ward skriv så klart og brutalt. Alt er svøpt inn i eit laken av harde sanningar og metaforar og språklege bilde. Ho er eit vindauge inn til fortida.

«Jeg vet at den sirenen er en dør som åpner for sorg og at sorg aldri kommer alene.»

Alt ho skriv får deg liksom til å puste litt tyngre, kjenne det litt vondare i magen – det er veldig godt forklart: nesten litt skummelt. Uansett veldig imponerande, og veldig givande for lesaren som kanskje ikkje har noko forhold til slaveri og rasisme frå før av.

Det er på grunn av Ward sitt veldige språk at ho klarar å kommunisere sinnet, frustrasjonen, sorga, og forakta, sånn at ein kan kjenne på det sjølv medan ein les.

Augeopnar

For meg har dette vore ein augeopnar av ei bok, og eg synest at alle kan ha godt av å lære litt meir om livet til slavane. Det er brutalt og frykteleg å lese om, og også veldig relevant fordi undertrykking framleis er eit problem, og sjølv om slavedrift har blitt så å seie utrydda, er det nye metodar og offer i dag.

Dette er ei bok for deg viss du vil høyre meir om mennesket – altså dei mørkaste og grusomaste sidene. Og også dei mjukaste og skjøraste og mest sårbare sidene som slavane ikkje fekk ha for seg sjølv. For slavane fekk ikkje ha noko, ikkje ein gong seg sjølv.

«Jeg er,» sier jeg. «Min egen.»