Dokumentarfilm om norsk folkehøgskule kortlista til Oscar

Den amerikanske dokumentarfilmen Folktales følgjer tre elevar gjennom eit folkehøgskuleår på Pasvik folkehøgskole.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– For oss som folkehøgskule er dette utruleg spanende og gledeleg, seier rektor ved Pasvik folkehøgskole, Ketil Foss, i ei pressemelding frå Folkehøgskolene.

Den amerikanske filmen Folktales er regissert av Heidi Ewing og Rachel Grady i New York-baserte Loki Films.

– Rart, men gøy

Saman med eit delvis norsk filmteam følgde dei tre folkehøgskuleelevar gjennom eitt å på Pasvik folkehøgskole i Finnmark. Skulen har eit villmarkstema og er særleg kjent for linja for hundekøyring.

I januar intervjua Framtida.no Hege Birch Wik (20) frå Sandnes, som er ei av hovudpersonane i filmen som på norsk har fått tittelen Kalde snuter, varme hjerter.

– Det er ikkje kvar dag du får eit filmcrew frå USA på døra. Det var rart men gøy, sa Hege Birch Wik (21) den gongen.

Filmen hadde premiere på den prestisjetunge filmfestivalen Sundance i Salt Lake City i Utah, og ho var spent på mottakinga frå dei som ikkje har noko kjennskap til skulen.

No er han blant 15 filmar på kortlista til å vinna Oscar i kategorien beste dokumentarfilm, og over nyttår kan òg NRK sine sjåarar få eit innblikk i livet på folkehøgskulen.

Den norske spelefilmen Affeksjonsverdi har fått betydeleg meir merksemd, og er kortlista i kategoriane beste internasjonale film, scenografi og casting.

Fascinert regissør

Den amerikanske regissøren Heidi Ewing har late seg fascinera av konseptet folkehøgskule, og vil spreia kunnskapen vidare.

– Eg håpar dokumentaren kan belysa kva folkehøgskule betyr både i Noreg og internasjonalt, seier regissør Ewing i pressemeldinga.