Ungdomspartileiarane har køyrt trailer, sett Ølhunden Berit og høyrt på Kom Hellig Ånd

Ungdomspartileiarane deler sine nedturar og høgdepunkt frå året som gjekk, både politisk, personleg og kulturelt.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Det har vore eit spanande politisk år med mange opp- og nedturar, litt avhengig av kva politisk ståstad du har.

Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Tradisjonen tru let Framtida.no ungdomspartileiarane koma med sine høgdepunkt og nedturar i årets som gjekk.

Nils Forren, Senterungdommen

For Senterpartiet har det vore eit litt tungt år. Partiet trekte seg frå regjeringssamarbeidet med Arbeidarpartiet, og fekk berre 5,6 prosent oppslutning i årets stortingsval.

Det er årets nedtur for senterungdomsleiar Nils Forren, men valkampen baud likevel på nokre oppturar.

– Årets høgdepunkt for meg er at eg for første gong har fått køyra lastebil i valkampen. Køyrde 20 tonn bil og hengar på E14 mellom Stjørdal og Meråker. Søkki ta kor kult! skriv han i ein e-post.

– Kva håp har du for 2026 – personleg eller politisk?

– At 2026 bringar like mange gode minne som 2025 og at Noreg gjer det bra i fotball-VM.

Nils Forren var nøgd med å køyra lastebil. | Foto: privat
Erling Braut Haaland og Julian Ryerson jublar etter VM-kvalifiseringskampen i fotball mellom Noreg og Italia på San Siro. | Foto: Lise Åserud / NTB
Foto: GU

Henriette Sjursen-Eriksen, Grøn Ungdom

Den ferske leiaren av Grøn Ungdom er ikkje i tvil om kva som var årets høgdepunkt:

– At MDG kom over sperregrensa for aller første gong! Den valnatta var fantastisk. Og å bli valt som leiar av Grøn Ungdom på landsmøtet vårt i november.

Ikkje overraskande er det ei klimanyheit som er årets nedtur.

– Antal varmerekordar som har blitt slått i år, og no nyleg den mildaste desembernatta målt nokosinne.

– Kva håp har du for 2026 – personleg eller politisk?

– At Noreg tek i mot fleire flyktningar og at me kuttar meir utslepp.

Foto: Privat
Stellan Skarsgård og Elle Fanning i Joachim Trier sin Affeksjonsverdi. | Foto: Kasper Tuxen
Foto: Unge Høgre

Ola Svenneby, Unge Høgre

– Årets høgdepunkt var definitivt skulevalet og resultatet som Unge Høgre oppnådde. Det er eg veldig stolt av, skriv Ola Svenneby i ein e-post til Framtida.no.

Frp vart den klokkeklare vinnaren i årets skuleval, med Høgre på ein god andreplass. Blant landets vidaregåandeelevar fekk Frp 26 prosent oppslutning, og Høgre 19,7 prosent. Hadde det vorte valresultatet, hadde det vore soleklar siger og ei ny borgarleg regjering.

 

 

– Nedturen var sjølvsagt då vi tapte valet, og då mange av våre ungdomskandidatar ikkje kom inn på Stortinget, svarar Svenneby.

Han var sjølv ein av kandidatane som ikkje fekk plass på Stortinget, men 2025 er òg året då ungdomspartileiaren vart utpeikt som ny kandidat til nestleiar i moderpartiet Høgre, når dei skal velja ny leiing til neste år.

– Kva håp har du for 2026 – personleg eller politisk? 

– Eg håpar på ei litt meir fredfull verd, der Europa gjenreiser sin sjølvtillit og posisjon.

Foto: Maipo Film / NRK
Foto: AUF

Nimrah Ramzan, AUF

Nimrah Ramzan er fungerande leiar i AUF, medan leiar Gaute Skjervø er ute i pappaperm.

– Årets høgdepunkt var utan tvil valnatta, då Arbeidarpartiet vann valet. Det var eit viktig politisk augeblikk fordi valet har ei reell betydning for retninga landet skal ta i åra som kjem. For meg var det òg fint å kunne feira denne enorme sigeren saman med gode kameratar i rørsla, skriv ho i ein e-post via presseansvarleg.

For årets nedtur, ser ho over dammen:

– 20. januar, dagen Donald Trump vart innsett som president, står igjen som årets politiske nedtur og eit stort steg i retning av ei meir utrygg og polarisert verd. Det ser me allereie konsekvensar av.

– Kva håp har du for 2026 – personleg eller politisk?

– Eg håpar 2026 blir året for eit fritt Palestina, reelle og betydelege kutt i klimagassutsleppa, og at Noreg tek med seg mange OL-gull heim frå Italia.

Eit godt valkampminne frå Telemark. | Foto: Privat
Foto: Eddy Chen/Prime
Foto: Anine Lie/KrFU

Ingrid Olina Hovland, KrFU

Ein annan nykommar i ungdomspartileiarstolen er Ingrid Olina Hovland, som i oktober tok over etter Hadle Rasmus Bjuland.

Då hadde ho allereie feira det som var årets høgdepunkt.

– KrF kom over sperregrensa, og KrFU har det høgste medlemstalet på over 20 år!

Ingrid Olina Hovland var strålande nøgd med valresultatet. Foto: Privat

Det var likevel ein nedtur for KrFU-leiaren at dei ikkje klarte å sikra ei borgarleg regjering.

– Kva håp har du for 2026 – personleg eller politisk? 

– Eg håpar Russland legg ned våpena og at Ukraina får ein varig og rettferdig fred.

 

Foto: Erlend Lånke Solbu/NRK
Foto: Åshild Slåen

Audun Hammer Hovda, Sosialistisk Ungdom

Leiar i Sosialistisk Ungdom, Audun Hammer Hovda, synest han har mykje å velja i når han skal plukka årets høgdepunkt.

– At vi har fått så mange nye medlemmar i løpet av året, og SUs eige 50-årsjubileum, er gode kandidatar, svarar han i ein e-post til Framtida.no.

– Årets nedtur var at Ap, Sp, FrP og H danna fleirtal på Stortinget for å rasera oljefondets etikkråd, supplerer han.

– Kva håp har du for 2026 – personleg eller politisk?

– Eg håpar me klarar å engasjera dei nye medlemmane våre til å bli aktive, ta på seg verv, og laga politikk for ei betre verd. Det er store utfordringar vi står overfor, me treng mange med på laget.

 

Foto: AP Photo/Evan Vucci, File
Foto: Åshild Slåen

Halvor Bergkvist, Raud Ungdom

Ein annan nykommar på toppen i ungdomspartia er Halvor Bergkvist, som tok over då Amrit Kaur trekte seg etter sterkt press frå Raudt-leiinga i kjølvatnet av det kontroversielle TikTok-utspelet om Charlie Kirk.

For den nye ungdomspartileiaren kom høgdepunktet i 2025 på utdanningsfronten.

– Eg tok fagbrev i elektro, svarar han på e-post på spørsmålet frå Framtida.no.

Årets nedtur finn han i den internasjonale storpolitikken.

– At staten Israel framleis eksisterer, svarar han.

– Kva håp har du for 2026 – personleg eller politisk? 

– Eg håpar me får lovfesta retten til gratis fritidstilbod i alle kommunar i Noreg.

Foto: Lucasfilm
Foto: Unge Venstre

Omar Svendsen-Yagci, Unge Venstre

– Valkamp er alltid eit høgdepunkt i seg sjølv, trass resultatet. Og så er det alltid eit høgdepunkt når ein ser liberale framsteg i ei verd som blir stadig meir uroleg og autoritær. Som då EU-parlamentet nyleg vedtok like abortrettar i heile EU, etter hardt arbeid frå våre liberale kollegaar, svarar Svendsen-Yagci.

Nedturen i 2025 var valresultatet.

– Kva håp har du for 2026 – personleg eller politisk?

– Modige politikarar. Som er ærlege, tør å vera litt upopulære og prioritera det viktigaste for å skapa fridom og moglegheiter til alle.

Foto: Seefood TV/NRK

Framtida.no har kontakta samtlege ungdomspartileiarar, men ikkje lukkast med å få svar frå FpU.