Sara (24), Jonathan (23) og Julian (31) er «digitale frivillige»
Sara (24), Jonathan (23) og Julian (31) er frivillige på nett. Framtida.no har snakka med dei om å hjelpe andre i ein digital tidsalder.
Denne saka er ein del av prosjektet «Frivilligheit i individualismens tid», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.
Noreg er tradisjonelt kjent for dugnadsånda. I 2004 vart «dugnad» kåra til Noregs nasjonalord i eit NRK-program. Noreg ligg på Europa-toppen i frivilligheit. Men kva forhold har unge i Noreg til dugnad og frivillig arbeid?

Frivillighetsbarometeret 2025 syner at dei under 30 år i mindre grad enn eldre grupper har delteke i frivillig arbeid det siste året. Det siste året oppgir 19 prosent i denne aldersgruppa å ha delteke i frivillig arbeid minst éin gong i månaden.
Student og frivillig
Ein av dei yngre som brukar tida si som frivillig på nett er Jonathan Arntzen (23). Ved sida av studiane i idrettspsykologi ved Noregs Idrettshøgskule i Oslo, tilbyr han digital leksehjelp i regi av Røde Kors.
– Det er hyggeleg, det er jo mange elevar som kjem inn som treng hjelp. Så det er hyggeleg å få hjelpt dei. Så sit eg på kontoret med andre frivillige, og det er òg veldig hyggelege folk, seier han på telefon til Framtida.no.
Røde Kors leksehjelp er ei teneste for ungdomsskule- og vidaregåandeelevar, som kan få hjelp anten fysisk eller digitalt. Det digitale tilbodet er anonymt, anten over chat, eller gjennom eit samtaleprogram som kan likne Teams, der ein kan skru på kamera og mikrofon.
– Derifrå styrer dei samtalen, og så hjelper vi dei med det dei treng hjelp med av skulearbeid, seier Arntzen.
23-åringen er gruppeleiar og har difor ein del administrativt ansvar i tillegg til at han har vakt to timar i veka.
Frå betalt til frivillig leksehjelp
Arntzen hadde jobba litt som leksehjelp før han begynte i Røde Kors, gjennom eit privat selskap.
– Det var veldig fint, men då var det gjerne resurssterke familiar, for det er ganske dyrt. Så var eg inne på Frivillig.no, og då så eg at dei trong digital leksehjelp, og tenkte at det var noko eg ville.
Arntzen synest det han gjer er viktig.
– No har det jo blitt mykje enklare for barn og unge å få hjelp med lekser, med ChatGPT og YouTube og liknande. Men eg meiner samstundes at det har ein verdi å kunne snakke med ein voksen og få oppfølging. Det er det mykje læring i, som ein ikkje får gjennom andre verktøy på nett.
Han synest det beste med å vere frivillig er når han kan merke at eleven begynner å forstå.
Saka held fram under biletet.
Utfordrande relasjon
I 2023 fekk 3000 barn og unge i alderen 13–19 hjelp til lekser på nett, men det å hjelpa elevar med leksene over nett er ikkje berre lett.
– Det er kan vere litt utfordrande at det er over nett, og at dei er anonyme. Det kan gjere det litt vanskeleg å byggje relasjon. Men samstundes er det ein del av tilbodet, at det skal vere lågterskel.
Arntzen vil absolutt anbefale det til andre.
– Eg synest det er mykje læring i det, i alle fall som ung.
Datavaktmeister
Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) utførte nordmenn i 2022 og 2023 frivillig, ulønt arbeid til ein samla verdi av nærmare 200 milliardar kroner. SSB reknar at det tilsvarar om lag 255 millionar timeverk i 2022, og om lag 280 millionar timeverk i 2023.
Dei understrekar at det frivillige arbeidet er vanskeleg å måle, då det normalt ikkje blir rapportert inn til styresmaktene. Ifølgje SSB brukar nordmenn mest tid på frivillig innsats innan kunst, kultur og idrett.
Men det er eit hav av ulike frivillige jobbar ein kan bruke tida si på. Julian Silden Langlo (31) er moderator på nettforumet Reddit.

Illustrasjonsfoto: Reddit
– Det meste av jobben er eigentleg å ta unna rapportar som kjem frå brukarane på forumet. Så brukar eg å sjå om det dei har rapportert bryt reglane. Om det gjer det, så fjernar ein det. Om ikkje, så godkjennast det.
Langlo er den nyaste moderatoren på forumet. Utanom jobbar han som programvareutviklar.
Han synest ikkje jobben han gjer er så viktig.
– Men det blir meir triveleg av det. Eg pleier å sjå på meg sjølv som ein slags datavaktmeister. Det er jo veldig kjipt om det ikkje er nokon vaktmeister i bygget.
Moderering på do
– Vi har forbod mot personangrep. Innimellom kjem folk med veldig kreative fornærmingar, men som ikkje er greitt. Det dukkar opp innimellom, seier han.
Modereringa tek omtrent ein halv time kvar dag, anslår han.
– Det meste gjer eg unna medan eg er på do.
Han vil korkje anbefale eller frarå å vere moderator.
– Men det er jo greitt å ha noko å drive med, og å vere med å bidra.
Frivillig frå utlandet
Ei som derimot vil tilrå andre å vere frivillig digitalt er Sara på 24 år. Ho jobbar som frivillig i Kirkens SOS si chatteteneste.
Kyrkjas SOS er ei kriseteneste for dei som treng nokon å snakke med når dei har det vanskeleg. Difor brukar Framtida.no berre fornamnet til Sara.
Sara bur i Amsterdam, og derifrå er ho tilgjengeleg på chat.
– Eg har vore med i Noreg òg, men det har ikkje så mykje å seie kor du er. Fordi det er digitalt, har eg høve til å vere pålogga og delta kor eg er. Det er heilt fantastisk, seier ho.
Ein kan nå Kyrkjas SOS på chat, melding eller på telefon.
– Nokon samtaler er rolege, andre er intense og kjensleladde. Der kan alvorsgraden vere veldig høg. Mange tek kontakt når dei står i ei krise, er einsame eller har mørke tankar.
Livsviktig oppdrag
– Ein merker at ein chat som dette kan vere livsviktig for nokon der og då, det er veldig meiningsfullt.
Sara ser fleire fordeler med at det er digitalt.
– Det er veldig fleksibelt, og ein kan hjelpe menneske der dei er. Og at det er anonymt og over chat gjer terskelen lågare for å ta kontakt.
Men at det er digital kan òg vere utfordrande.
– Det vanskelegaste er at eg ikkje ser og høyrer dei som skriv. Ein veit ikkje heilt kor dei er og kva dei gjer. Då kan det vere tungt når ein er ferdig med ein samtale, fordi ein ikkje veit kva som skjer etterpå, seier ho.
Likevel synest ho dei har god opplæring i å handtere slike situasjonar, og at dei har god opplæring i å leggje det frå seg.
– Og så snakkar vi saman før og etter ein vakt. Då får ein sagt det ein tenkjer på, og ein får lufta det om det er noko ein sit igjen med.
Tøff jol
Jula er høgsesong for Kirkens SOS, og i fjor kunne dei få 750 telefonar og chatteførespurnadar på éin dag.
I år skal Sara vere frivillig i jola. Det trur ho kan bli tøft og hektisk. Likevel er det veldig viktig for ho å kunne jobbe i jola.
– Eg skal jobbe nokon dagar kor eg tenkjer det er viktig å vere der for andre.
Sara seier det gir meining å vere der for andre når dei kan ha det tøft, spesielt når det er jol.
– Det kjem nok fleire tunge historier enn vanleg. Då er det bra at ein har eit vaktlag i ryggen. Det gir ein tryggleik, seier ho.










