– Håpet er at det skal veksa fram noko nytt
Forfattar og filmaktuelle Gunnhild Øyehaug kunne aldri tatt valet mellom boka og filmen. I staden for at boka skal lida, dreg film og bok nytte av kvarandre.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Når bok blir film
Artikkelen var først hos Studvest, og er omsett til nynorsk av Framtida.no
Den aktuelle kinofilmen «Kvinner i for store herreskjorter» er basert på boka «Vente, Blinke» av forfattar Gunnhild Øyehaug. Med dette føyer går den inn i ei stadig større rekke av bøker som har blitt filmatisert gjennom tidene.
– Eg tenkte ikkje på «Vente, Blinke» då eg såg «Kvinner i for store herreskjorter» for første gong. For meg er dei to heilt ulike verk, seier Øyehaug.
LES OGSÅ: Frozen – farleg for menn?
Sentrale skilnader
Filmmanuset har ho vore med på å skriva sjølv, noko som var både utfordrande, spanande og lærerikt.
– Det er skrivetekniske skilnader ved å skriva for film mot det å skriva ein roman. Filmar og bøker har ulike fordeler. Nokon legg vekt på at noko går tapt når ein bok blir til film, men det er jo heile premissen for ein adaptasjon. Det litterære språket går sjølvsagt tapt, men håpet er at noko nytt skal veksa fram i prosessen, seier Øyehaug.
Når det kjem til å adaptera bøker er det mykje usemje om boka eller filmen er best. Forfattaren av «Pornopung», Mads Larsen, sa i eit intervju med Klar Tale at filmatiseringa av boka hans var betre enn romanen. Øyehaug meiner det er eit umogleg val.
– I eit intervju med Flamme forlag i fjor sa du at filmen kom til å bli mykje betre enn alle bøker til saman?
– Det var ironisk meint. Eg tykte det var så umogleg å svara på at eg tenkte det var like greitt å gå sterkt ut og tulla vekk spørsmålet. Eg er sikkert den minst habile personen å spørja, men eg tykkjer filmen var veldig bra.
LES OGSÅ: Laga musikkvideo av film frå tippoldefar
Gjer boka meir populær
Elin Huseby, bibliotekar ved Bergen Offentlege Bibliotek, kan fortelja at ei filmatisering heilt klart gjer boka meir populær-
– Når bøker blir til film aukar opplaget veldig, og det oppstår ei markant auke i populariteten til nettopp desse bøkene, seier ho.
– Me reknar med auka etterspurnad etter mellom anna «Vente, Blinke» og «Fifty Shades of Grey» dei kommande månadane.
Førebels er det ingen venteliste på den første boka i den erotiske trilogien, men ti ventar på bok to, og tre ventar på bok nummer tre.
Professor i informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen, Asbjørn Grønstad, meiner filmmediet har mykje å tilføra og kan bidra til lengre levetid og fornya merksemd rundt boka.
– Filmen tilfører ein kroppsleg dimensjon. Nokon kan meina filmen bidreg til tabloidisering og utvassing, men eg meiner den løftar fram romanen på ein positiv måte, seier han.
LES OGSÅ: Filmfavoritt vart laga med iPhone
Ei trend sidan filmen vart fødd
Ein av grunnane til at bøker er så fristande å filmatisera kan vera dei store besøkstala filmselskapa kan venta seg på grunn av ei allereie eksisterande gruppe fans. Om ei ser på kinotoppen i Noreg er det også påfallande at alle førsteplassane sidan 2011 er tatt av filmar basert på bøker.
– Fleire romanar har strukturelle og narrative likskaper med dei klassiske Hollywood-filmane, noko som gjer dei lettare å overføra til filmmediet, forklarar Grønstad.
Tradisjonen med å laga filmar basert på bøker går heilt tilbake til «Birth of a Nation» frå 1915.Men det er ikkje alle bøker som let seg filmatisera.
– Handlingssterke forteljingar let seg lettare overføra til filmmediet enn modernistiske og meir abstrakte romanar. «Ulysses» og «Finnegans Wake» av James Joyce er døme på to bøker som er vanskeleg å adaptera, seier han.
Professoren poengterer at det derimot ikkje er slik at ei kjend bok garanterer ein god film. Verk som «The Great Gatsby» har til dømes blitt adaptert fleire gonger med varierande suksess.
– Det kan verka som om filmar basert på halvdårlege eller mindre kjende bøker ofte gjer det betre når dei kjem på film enn veldig anerkjende og populære bøker. Dei anerkjende bøkene har ofte mykje større fallhøgde og må derfor overtyda meir, forklarar han.
LES OGSÅ: Kan denne testen avsløra mannsjåvinistiske filmar?