KrFU-leiaren vil ete gyros med forbundskanslar
Ingrid Olina Hovland vil at fleire skal ta meir ansvar, og gi familien meir fridom.
– At folk var ueinig i sak var ikkje så overraskande, men at det var så mange som skulle gå til personangrep sånn, det var ikkje berre berre, seier Ingrid Olina Hovland på telefon til Framtida.
Det er seks veker sidan ho vart valt som ny leiar i KrFU. Like etter ho vart valt fekk ho mykje kritikk for standpunktet sitt om at kvinner som har blitt valdteken bør bere fram barnet. Ho seier det kjendest rett å stå den kritikken.
– Det har vore veldig mykje læring i det, og eg tek med meg dei erfaringane eg har gjort i desse vekene i vervet. Så føler eg at eg har landa godt, og eg er veldig klar for å snakke om andre politiske saker.
Ingrid Olina Hovland
Yrke/utdanning: Studerer rettsvitskap ved Universitetet i Oslo
Ser til Sverige

Ebba Busch på eit seminar i Finland. Foto: Stina Virkamäki, valtioneuvoston kanslia (CC BY 2.0)
Hovland har fleire føredøme, men ho trekk spesielt fram Ebba Busch, leiar av dei svenske kristendemokratane. Ho meiner Busch kom inn på eit tidspunkt då partiet trengde hjelpa.
– Ho har vore ein tydeleg leiar som har dratt partiet opp og gjort det relevant. Eg meiner Dag Inge har bidrege med noko av det same i KrF, og eg ser også han som eit føredøme.
Sjølv håper ho å vere ein samlande leiar.
– Ein som ønsker å løfte andre opp og fram, og gi vidare til organisasjonen.
Ho fortel at ho har hatt eit samfunnsengasjement lenge, men at den politiske interessa kom under valet i 2021.
– Då følgde eg litt med i politikken, også var det skuledebatt på min skule, og då kjendest det veldig riktig å melde meg inn i KrF. Eg hadde vore veldig usikker på parti, men dei verdiane som KrF stod for var veldig viktige for meg også.
Sidan då har ho vore aktiv.
Brenn for ruspolitikk
Dei tre hovudsakene KrFU har fokusert på i år er nei til narkotika med meir ressursar til politiet, skattelette for unge ved å auke frikortgrensa til 250 000 kroner, og kortare skuledagar med kvalitet over kvantitet.
Hovland meiner det er gode saker dei skal halde fram å kjempe for, men at partiet no ser på den politiske strategien sin framover.
– Det blir mykje om velferdssamfunnet og korleis det skal sjå ut vidare. Den demografiske utviklinga ser ikkje lys ut når det blir fødd færre og færre barn, og då er vi nøydd til å tenke litt nytt om korleis velferdssamfunnet skal organiserast.
Hennar personlege hjartesak er ruspolitikk.
– Det er jo eit samansett problem. Det handlar både om utanforskap og at folk treng eit miljø og gode trygge føredøme.
Ho meiner det er viktig med ein god oppvekst i trygge lokalsamfunn. Samstundes meiner ho også ein ikkje kan leggje alt ansvaret på fritidsklubbane rundt om i landet.
– Vi er nøydde til å styrke politiet og gi dei middel til å ta dei kriminelle bakmennene som utnyttar sårbare menneske. Det har vore ei hjartesak lenge for meg.
Skrolling og Dolomittane
Når ho ikkje driv med politikk likar ho å vere sosial med venar, lage mat, og gå på tur.
– Det viktigaste er å berre kome seg ut og få luft og sjå litt natur, men familien har vore på tur til Dolomittane i Italia nokre gonger, og dei turane der må vere favoritten, for det er så sjukt fin natur.
Den største tidstjuven er den same som for mange 20-åringar: Skrolling, spesifikt på Reels på Instagram.
– Det er ei sånn dårleg vane som eg prøver å bli kvitt.
Podkastar og kjernekraft
Hovland held seg oppdatert med nyheitssider som NRK og VG gjennom dagen, og høyrer alltid på politisk kvarter på morgonen.
– Det føler eg er ein veldig lett måte å vere litt påkopla.
Ho er også glad i podkastar, blant anna NRK sin Kommentert og Nettavisen sin Gilbrant/Suvatne.
– Du vaknar opp i morgon til din draumenyheit: Kva er overskrifta?
– «Fleirtal på Stortinget for å la kjernekraft konkurrere på like vilkår med andre energikjelder.»
Ho er spesielt stolt over at KrF vart det første norske stortingspartiet som opna for kjernekraft.
Norsk gass til Europa
– Kva var den største sigeren på årets landsmøtet?
– Vi hadde ein resolusjon på å halde fram å vere ein sikker leverandør av gass til Europa. Det tenker eg er veldig viktig i den tryggleikspolitiske situasjonen vi er i no.
Hovland synest Noreg må hjelpe Europa med å bli uavhengig av russisk gass, samstundes som vi også hjelp med grøn omstilling bort frå kol.
Den neste store kampen meiner ho handlar om høgare utdanning, som må tilpasse seg arbeidsmarknaden. Ho har medkjensle for dei som har studert mykje, men som slit med å kome seg ut i jobb.
– Det er kjipt for dei som har brukt mange år på ta seg ein master dei ikkje får brukt i arbeidslivet, men også fordi vi som samfunn ikkje har råd til at den kompetansen folk sit på ikkje blir brukt.
Gyros med den første kanslaren i Vest-Tyskland

Konrad Adenauer var den første forbundskanslaren i Tyskland. Foto: Bundesarchiv, B 145 Bild-F078072-0004 / Katherine Young / CC BY-SA 3.0 DE, CC BY-SA 3.0 DE, via Wikimedia Commons
– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag?
– Kanskje Konrad Adenauer?
Adenauer var forbundskanslar i Vest-Tyskland frå 1949 til 1963, og var med på å både skrive ny grunnlov og jobba for sjølvstende for landet. Han var ein del av partiet CDU, det tyske kristendemokratiske partiet
– På mange måtar er han grunnleggjaren av det å ta inn kriste verdiar i politikken.
– Kva ville du ha servert?
– Då ville eg laga gyros. Det er godt, og kanskje han hadde likt det.
Vil byggje samfunnet nedanfrå og opp
Når Hovland ser for seg eit idealsamfunn, ser ho for seg både meir fridom og ansvar.
– Det er eit samfunn som byggjast nedanfrå og opp. Det betyr at lokalsamfunnet, dei små og store fellesskapa får fridom, men òg meir ansvar. Eg trur vi treng å gi meir ansvar tilbake til familien, for eksempel.
Ho vektlegg at vi må ha eit velferdssamfunn, og ikkje ein velferdsstat, der ein kan vakse opp i gode og trygge familiar der folk ynskjer å ta ansvar for seg sjølv og andre.
– Viss alle bidreg med det dei har å bidra med, trur eg vi kjem veldig langt.
Eit verkemiddel for å få til dette meiner ho blir å ha mindre statleg overstyring av familiar og verksemder, og mindre detaljregulering.
– Vi har lovar og reglar for kvar minste detalj, og det er veldig bra med ein solid rettsstat, det skal vi verkeleg oppretthalde, men detaljregulering som går inn i familien og bedrifta sin valfridom, det kan vi gå vekk frå.
– Kva for ei bok burde alle lese? Kvifor?
– Vejen til ansvar av Aleksander Vanopslagh. Det er ei interessant bok om at politikk og samfunnet handlar om meir enn berre pengar, det handlar om noko folkeleg, og at folk har godt av å kjenne på ei ansvarskjensle. Det trur eg folk treng, og er eit viktig perspektiv.
– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?
– Det er jo ikkje heilt ein serie, men «Skal vi danse». Eg er veldig fan.
– Kva låt får deg alltid i godt humør?







