«Stranger Things»-skaparar hylla læraren sin med eiga rolle

I femte og siste sesong av Netflix-suksessen Stranger Things har skaparane gitt ei spesiell rolle til dramalæraren sin.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

High school var tøft for meg og bror min, men Hope såg noko i oss me ikkje såg i oss sjølve, skriv Ross Duffer på Instagram.

Hope Hynes Love, som speler Miss Harris i sesong 5 av Stranger Things, var dramalæraren til tvillingane Matt og Ross Duffer, som har skapt det populære universet.

Brørne Ross og Matt Duffer fotografert under verdspremieren for sesong 5 av Stranger Things. Foto: Charley Gallay/Getty Images for Netflix

Shoutout til lærar

Brørne hadde Love som lærar på Charles E. Jordan High School i Durham i den amerikanske delstaten Nord-Carolina.

High school i USA tilsvarar vidaregåande og varar i fire år, frå elevane er rundt 14–18 år.

Ross skriv at dramalæraren ikkje berre hjelpte brørne med sjølvtilliten for å koma gjennom high school, men at ho òg var viktig for at dei flytta til Los Angeles og følgde draumane sine.

 

View this post on Instagram

 

A post shared by Ross Duffer (@rossduffer)

Hynes jobbar framleis som lærar, men er no på East Chapel Hill High School i Chapel Hill i same delstat.

Filmskapar Ross Duffer brukar òg høvet til å gje ein shoutout (hyllest red.anm) til alle lærarane som gjer ein forskjell.

– Og ver så snill … lat oss prioritera kunst i skulen, avsluttar Ross.