Studentar får ikkje noregspris – fryktar auka husleige
Studentar som bur i studentbustader får verken noregspris eller straumstøtte. Samskipnadene varslar auka leigeprisar som konsekvens.
Store bygg med studentbustader har ofte berre ein straummålar, og mistar dermed både noregspris og straumstøtte sidan dei går over forbruksgrensa på 4500 kilowattimar per månad, skriv NRK.
Studentsamskipnaden i Søraust-Noreg ber regjeringa endre ordninga, men fram til det må dei vurdere å auke prisane, seier administrerande direktør Hans Erik Stormoen til kanalen.
– I utgangspunktet rammar det oss. Vi som leiger ut bustadene til studentane. Men for å få balanse i økonomien, må vi auke husleiga til studentane, seier Stormoen.
Han meiner ordninga er urettferdig sidan studentar som leiger privat, kan få noregspris. Studentsamskipnadene har sjølv anslått at studentane kan tape over 23 millionar kroner neste år.
– For studentsamskipnadene så hengjer det saman med at det er mange bueiningar bak eitt målepunkt. Så det er tekniske avgrensingar som ligg i det, seier energiminister Terje Aasland (Ap).
Han seier at han forstår frustrasjonen, og seier at han vil sjå på korleis det eventuelt kan løysast, men meiner også samskipnadene må vurdere å justere korleis dei handterer spørsmålet på.
Fekk du med deg denne?








