«Absurd at NRK framleis lèt som om Eurovision er «upolitisk»»
Det å ikkje ta stilling er i realiteten å ta stilling, men berre til fordel for okkupasjonsmakta, skriv Maria Louise Hundeide Godoy, leiar i Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
I september, i år, slo FNs eigen granskingskomité fast at Israel gjer seg skuldig i folkemord i Gaza. Likevel lèt Europa, og NRK, Israel få stå å glitra på ein av kontinentets mest sette og populære tv-attraksjonar: Eurovision.
Spørsmålet me må stilla er: Korleis kan ein stat skulda for folkemord, okkupasjon og systematiske overgrep få skina i ein fellesskap som er bygd på kultur, kjærleik, samarbeid og fellesskap?
Det kan han ikkje. Derfor meiner me i Solidaritetsungdommen at NRK må handla.
Apartheidregime
Det er eigentleg ganske lett. For me veit jo alle at eit apartheidregime ikkje høyrer heime i europeisk fellesskap.
Anerkjente menneskerettsorganisasjonar som Amnesty International slår fast at Israel opererer eit apartheidregime.
Me snakkar ikkje om eit «kontroversielt politisk spørsmål», men om veldokumenterte systematiske menneskerettsbrot. Derfor er det heilt uverkeleg at eit slikt regime kan inviterast inn som likestilt partnar på Europas største kulturarrangement.
EBU valde det feige valet, å ikkje velja i det heile.
Denne veka endra EBU sine eigne reglar for å unngå å måtta stemma over Israels deltaking, etter at det vart avslørt at Israel misbrukte konkurransen gjennom statleg PR, påverknadskampanjar og manipulasjon av stemmesystemet.
Når sjølv EBU innrømmer dette, er det absurd at NRK framleis lèt som om Eurovision er «upolitisk». Eurovision er politikk. Det har EBU sjølv bevist.
Vi meiner Eurovision blir brukt som propaganda. Israel har i ei årrekkje brukt Eurovision som eit propagandaapparat for å kvitvaska okkupasjon og krigsbrotsverk. Me veit at kultur er makt. Kultur skaper legitimitet. Nettopp derfor må kulturinstitusjonar, også NRK, reagera når kultur blir misbrukt for å normalisera overgrep.
NRK skal vera politisk nøytral
Men, NRK er allereie ein politisk aktør.
Som ein medlem av ei demokratisk avgjerd, så får NRK stemma over kven som får delta i Eurovision eller ikkje. Det gjer NRK til ein politisk medaktør.
Då NRK stemde for å stengja ute Russland etter invasjonen av Ukraina, anerkjende dei sjølv at Eurovision ikkje kan vera ei frihamn for statlege brotsverk.
Dersom det gjaldt Russland, må det gjelda Israel. Alt anna er dobbeltmoral.
Det finst ikkje nøytralitet
Det å ikkje ta stilling er i realiteten å ta stilling, men berre til fordel for okkupasjonsmakta. Det betyr å berre godta alt som skjer. Å gi stillteiande samtykke til okkupasjon.
NRK må setja foten ned 5. desember!
Me meiner at NRK må krevja avstemming om Israels deltaking. Og dersom Israel får delta, må NRK trekkja seg.
Noreg må stå på folkerettens side, og krevja at ein stat skulda for folkemord ikkje får stå å syngja og dansa på Europas største scene.
Kultur for å skjula overgrep
Eurovision vart grunnlagt etter andre verdskrigen for å samla eit splitta Europa gjennom kultur, samarbeid, song, kjærleik og fred. Der landa skulle finna samhald gjennom eit universelt språk, nemleg musikken.
Når ein stat skulda for folkemord no får bruka den same scena til propaganda og kvitvasking, bryt dette med den kjærleiken og forsoninga som Eurovision vart grunnlagd på.
Det er derfor me meiner NRK må handla. Fordi me ikkje kan ta del i eit kulturprogram som bruker kultur for å skjula overgrep.
La oss visa NRK, og EBU, at publikum ikkje vil syngja allsong i eit folkemord.






