«Reisen mot Nord»: – Har nok julestemning og eventyrlyst
Reisen mot Nord er ikkje den versjonen av H.C. Andersen-eventyret Snødronninga eg helst skulle hatt, men er ein koseleg familiefilm med god julestemning.
Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung kritikk 2025», støtta av stiftinga Bergesenstiftelsen.
Kvart år treng sine julefilmar, spesielt av sorten som kan samle familien i kinosalen. Blant årets filmar finn me Reisen mot Nord, den animerte regidebuten til forfattar Bente Lohne. Filmen er basert på eventyret Snødrønninga av H.C. Andersen, og prydar seg med sitt skandinaviske opphav. Reisa mot Nord er allereie seld til 56 land. Ein av grunnene kan vere at han deler inspirasjonskjelde med Disney sin Frost.
Leikekamerat på avvegar
Gerda (Hennie Vanay-Almaas) er ei lita, snill jente som bur saman med mora og bestemora i København. Det nærmar seg jul, og ho gler seg til å bruke dagane med bestekameraten Kai (Kasper Holt Ekeberg). Medan Gerda er fornøgd med det rolege livet sitt, lengtar Kai etter meir spenning.
Det får han, på verst tenkeleg vis, då han blir kidnappa av den vonde Snødronninga (Katrine Blomstrand) og tatt til fange i slottet hennar. Medan dei vaksne sørger over Kai, som dei er sikre på har døydd, nektar Gerda å tru at han verkeleg er borte. Støtta av den uerfarne skytsengelen Lilly (Camilla Vandvik Leira) legg ho ut på ei lang og farleg reise mot Isdronninga sitt rike.
Ut på tur
I klassisk eventyrstil er vegen til Kai proppa med både venar og fiendar, og ein veit aldri heilt kva det neste blir. Gerda er ein ganske fornøyeleg karakter å følgje: Snill og grei, og motvillig modig. Den rampete skytsengelen hennar, Lilly, er ein fin kontrast. Andersen sitt eventyr kjem seg ikkje uskadd gjennom filmatiseringa, men det er ganske typisk for han: Mykje av det han skriv om er ikkje akkurat triveleg.
Samtidig skulle eg ønske at filmen haldt på litt meir av den opphavlege historia og stemninga. Særpreget forsvinn litt, den melankolske magien som ligg mellom linjene i det han skreiv vert bytta ut med lett forståelege tryllekunster. Også sjølve Snødronninga blir ein litt vel enkel karakter. Klart er ho vond, og det er på sin plass, men det er gjort så tydleg at det nesten kjennest tullete. Det er likevel kanskje litt av poenget i denne tolkinga, noko som vert forsterka av dei komiske interaksjonane ho har med lærlingen sin, Ludvig (Aslak Maurstad).
Stil, smak og behag
Eg må dessverre seie at sjølve karakterdesigna ikkje heilt fungerte for meg. Med gigantiske auge og porselensglatt hud er det ikkje alltid kjenslene kjem så godt fram, og det verkar rett og slett litt sterilt. På den andre sida er resten av verda ganske så vakker, frå dei julepynta gatene i København til solsleika hagar og Snødronninga sitt ispalass. God ljossetting gir mykje liv til desse scenane. Dei mange dyrekarakterane er også sjarmerande, og passar stilen betre enn det menneska gjer. Med nordljos, grandiose landskap og god musikk er det mange fine, atmosfæriske augeblikk i Gerda si reise.
Store delar av regien er litt kjedeleg, med mange scener der ein berre ser på karakterane utan noko interessant vinkling. Animasjon tilbyr så mange spennande moglegheiter, og dei kunne Reisen mot Nord ha nytta seg betre av. Dialogen er også i det tydelegaste laget, til det punktet der eg det hadde vore fint med litt mindre prat: Animasjon er jo også det mediet der det er enklast å bruke visuelle verkemiddel.
I det heile er Reisen mot Nord aldri i nærleiken av å vere nyskapande, men han har nok julestemning og eventyrlyst til at eg ikkje kan avfeie han som familiefilm. Eg er ei vaksen dame, trass i korleis det å fylle inn skattekort får meg til å føle meg, og er med det ikkje i målgruppa. Reisen mot Nord er ikkje noko eg hadde sett aleine, men for born og foreldre har eg tru på at det kan bli eit godt kinominne.
Terningkast: 4









