Backrooms – eit slåande stykke filmskaping
Unge Kane Parsons sin kinodebut er ein kraftprestasjon i uhyggeleg estetikk, tynga av ei litt middelmåtig historieforteljing.
Det litt magiske med «the Backrooms», eit konsept født på eit anonymt nettforum, er at det er så generelt og spesifikt på same tid: Eit rom som ikkje skal vere der, der alt er litt feil. Lyden av lysrøyr, lukta av mugg i golvteppet. Sidan opphavet var anonymt, var det opp til kvar enkelt person å fylle inn tomromma.
Eg var derfor både interessert og skeptisk då eg fekk høyre at det skulle bli kinofilm av det.
«Backrooms»
Regissøren vald til jobben, Kane Parsons, har allereie lang erfaring med å lage ting basert på «the Backrooms». Den første episoden av den nettbaserte serien «The Backrooms» kom ut heilt i starten av 2022. Sjølv om eg dessverre ikkje har fått sett meg inn i arbeidet hans her, har det gode omdømmet nådd meg.
Etter å ha sett kinoversjon, er eg både fornøgd og imponert – sjølv med eit par hakar.
Magisk uttrykk
Høgdepunktet i Backrooms er utan tvil det estetiske. For å bringe dei titulære romma til live blei det bygd meir enn 270 000 kvadratmeter med fysiske kulisser – som passande nok førte til at folk gjekk seg vill under innspelinga.
Desse romma er magiske for meg. Dei er klaustrofobiske og for store på ei og same tid, monotone nok til at ein føler seg fanga i ein evig syklus, samstundes som ein aldri veit kva som ventar bak neste hjørne.

SKROT: Clark (Chiwetel Ejiofor) finn allslags snåle ting på reisa. Foto: Nordisk Film Distribusjon
Romma i seg sjølv er éin ting, men arbeidet lagt inn i alle rekvisittane som gir dei liv løftar det heile til eit nytt nivå. Frå samansmelta krakkar til møbel som sit fast i veggane, er det ein nydeleg handfast dimensjon til alle dei uvanlege objekta strødde rundt i «bakromma».
Og så er dei brukte på utruleg kule måtar. Eg hadde aldri trudd at det å sjå nokon plukke opp eit klesplagg kunne få det til å gå kaldt nedover ryggen min, men det vart tilfellet her.
Frykta for det ukjente
Er det noko skummelt med rare møbel og snål arkitektur i seg sjølv? Kanskje ikkje, men sett i konteksten her, er uhygga uimotståeleg. Om arkitekturen ikkje er tilpassa menneske, kven er han då til for?
Om mogleg verre: Kven er arkitekten?

DØR?: Psykologen Mary (Renate Reinsve) må også inn i det ukjente. Foto: Nordisk Film Distribusjon
Ei av mine største frykter for Backrooms var at filmen ville gå for langt i å gi svar på nettopp desse spørsmåla. Det føler eg heldigvis at han så vidt unngår, sjølv om eg godt kunne fått enda mindre informasjon.
Eg veit at det er eit snålt ønskje, men det fordi eg synest filmen er på sitt aller beste når det berre er rein, rar skrekk.
Ikkje perfekt
Resten av filmen er ikkje dårleg, men det som hender er aldri like interessant som staden det hender i.
Spesielt Renate Reinsve, som spelar kjendispsykologen Mary, får for lite å jobbe med. Eg skjønner kva dei vil med karakteren hennar, men utføringa blei litt platt for min del. Spesielt sett opp mot Chiwetel Ejiofor sin Clark, ein ufrivillig møbelbutikkinnehavar som har eit mykje livlegare tilvære på skjermen, synest eg rett og slett ho er bitte litt kjedeleg.
Backrooms har definitivt ambisjonar om å fortelje ei god historie, med ein tematisk passande raud tråd som han knyter til karakterane sine problem, men for ofte kjennest det hakket for openlyst. Det blir ein parallell som berre er der, utan å tilføre særleg spenning.

KARRIEREKVINNE: Mary (Renate Reinsve) er ein anerkjent psykolog, men har sin eigen bagasje. Det er ikkje så spennande som det kunne vore. Foto: Nordisk Film Distribusjon
Dette er ein av dei filmane der eg har gått fram og tilbake på terningkastet, men det som er bra, er rett og slett så bra at det trekker alt det andre opp. Sjølv om ikkje alt sit, er det enkeltelement og sekvensar her som nærmar seg perfeksjon.
Backrooms er nemleg eit slåande stykke filmskaping vel verdt å få med seg for alle som kjenner seg dratt mott det ukjente og urovekkande.
Terningkast: 5



