Klima og miljø

«MDG valde å driva ein valkamp som hadde som mål å få oss under sperregrensa»

Eg har aldri opplevd ein så hard og ufin valkamp som den MDG førte, skriv Hedda Sofie Riddervold.

Hedda Sofie Riddervold (21)
Medlem i Unge Venstre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det er to månader sidan valdagen, og ting begynner å roa seg. I dette lesarinnlegget vil eg trekkja fram eit ubehageleg tema – nemleg MDG sin valkamp.

Som medlem av Venstre har eg alltid hatt sans for MDG. Vi deler mange av dei same miljøpolitiske måla, men vi har ulikt syn på kven vi skal samarbeida med. Likevel hadde eg håpa på eit samarbeid med MDG i denne valkampen, for å samla flest mogleg røyster til dei miljøvenlege partia. I staden vart vi møtte med usanningar og uvenskap.

Eg har aldri opplevd ein så hard og ufin valkamp som den MDG førte.

Som medlem av eit liberalt parti er eg skuffa over at MDG valde å driva med kritikk i staden for politikk – og med amerikanskinspirerte kampmetodar, i staden for å fortelja kva dei sjølve stod for.

Deira kampsak såg ut til å vera å få Venstre under sperregrensa, i staden for å støtta opp om miljøpartia.

Eg skal ærleg innrømma at det sårar meg. Eg forstår at politiske parti kan ha ulike meiningar, også mellom parti som i utgangspunktet står kvarandre nær. Samstundes dreiv MDG etter mi meining ein politikk basert på illusjonar og usanningar då dei hevda at ei røyst på Venstre var ei røyst på Frp. Dette var sjølvsagt feil. Vi i Venstre ønskte å vera ei motvekt til Frp, og vi var klare til å kjempa med nebb og klør for politikken vår. Uansett hadde Frp i røynda aldri gått inn i regjering med oss; for å få fleirtal måtte Erna Solberg ha blitt statsminister.

Som det einaste miljøpartiet på borgarleg side har vi i Venstre eit ansvar for å vera den grøne røysta. Vi hadde ingen planar om å gje opp berre fordi Frp var store. Vi vil alltid kjempa for politikken vår.

Slik vart det dessverre ikkje. I staden for å styrkja miljøpartia, valde MDG å driva ein valkamp som hadde som mål å få oss under sperregrensa – med skremselspolitikk i staden for reell debatt. Eg meiner personleg at dette er ein uverdig måte å driva politikk på.

Eg håpar framleis at MDG kan snu, og at vi ein dag kan samarbeida igjen – for miljøet. La oss byggja vidare på sanning i staden for løgn, og stå saman for ei grønare framtid.