Utdanning

«Udir vil fjerne faget som lærer oss å forstå kvarandre – det gir inga meining»

At færre elevar vel faget, burde ikkje vere eit argument for å fjerne det, men eit signal om at vi må løfte det fram, skriv Olivia Malgorzata Szlage.

Olivia Malgorzata Szlage (19)
Student i journalistikk ved OsloMet og tidlegare elev i Kommunikasjon og kultur
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Utdanningsdirektoratet har sendt ut på høyring eit forslag om å fjerne faget Kommunikasjon og kultur frå vidaregåande skule. Eg må berre seie det som det er: Det gir inga meining. Dette er ikkje eit fag vi burde kutte ut, tvert imot er det eit fag vi burde satse på.

Kommunikasjon og kultur er kanskje ikkje det mest kjende faget i skulen, men det er eitt av dei mest verdifulle. Det handlar om korleis menneske forstår kvarandre gjennom språk, symbol og kultur.

Elevane lærer korleis kommunikasjon blir forma og tolka i ulike samanhengar, og korleis språk og kultur påverkar korleis vi ser på kvarandre.

Faget handlar òg om å utvikle evna til å tenkje kritisk, analysere bodskap og vere medviten på korleis kommunikasjon kan brukast til både å byggje fellesskap og skape konflikt.

Tatt med meg mykje frå faget

Eg har sjølv teke Kommunikasjon og kultur 1 og 2, og det var det mest inspirerande faget eg hadde på vidaregåande. Her fekk eg rom til å tenkje, diskutere og utforske. Vi snakka om alt frå sosiale medium og identitet, til kulturforskjellar, retorikk og reklame.

Eg hugsar at eg for første gong begynte å reflektere over korleis eg kommuniserer, ikkje berre kva eg seier.

Faget gjorde meg meir bevisst, meir nysgjerrig og meir open for andre perspektiv.

No studerer eg journalistikk ved OsloMet, og eg ser kor mykje eg har tatt med meg frå det faget.

Å formidle informasjon, forstå ulike menneske og stille gode spørsmål handlar om kommunikasjon og kulturforståing. Det er eigentleg ganske merkeleg å tenkje på at Udir vurderer å fjerne eit fag som gir unge nettopp denne kompetansen, spesielt i ei tid der samfunnet treng det meir enn nokon gong.

Eit nyttig og aktuelt fag

Udir grunngir forslaget med at faget overlappar med norsk og at det er få elevar som vel det. Men det er som å seie at psykologi og samfunnsfag er det same, berre fordi begge handlar om menneske. I norsk lærer vi å lese og skrive tekstar.

I Kommunikasjon og kultur lærer vi å forstå menneske.

Korleis vi tolkar kvarandre, kvifor vi misforstår, og korleis kommunikasjon skaper kultur. Det er eit fag som går rett inn i kjernen av det å vere menneske i eit samfunn.

At færre elevar vel faget, burde ikkje vere eit argument for å fjerne det, men eit signal om at vi må løfte det fram. Mange elevar veit ikkje eingong at det finst! I staden for å legge det ned burde Udir modernisere læreplanen, knyte faget tettare til mediekompetanse, digital kommunikasjon og mangfald. Då vil fleire sjå kor aktuelt og nyttig det faktisk er.

Kommunikasjon og kultur handlar om å byggje forståing, respekt og evna til å lytte. Det er eit fag som lærer deg at god kommunikasjon ikkje handlar om å snakke mest, men om å forstå best. I ei tid der hatprat, ekkokammer og misforståingar dominerer, er dette faget viktigare enn nokon gong.

Om Udir verkeleg vil at norsk skule skal ruste unge for framtida, bør dei ikkje fjerne Kommunikasjon og kultur.

Dei bør løfte det opp som eit fag som lærer oss å vere menneske i møte med andre.