Bugonia – gav meg noko å tyggje på, uavhengig av smaken

Bugonia er pakka med veltreffande satire med tragikomisk effekt, ifølgje filmmeldar Jenny Lund.

Jenny Lund
Publisert

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung kritikk 2025», støtta av stiftinga Bergesenstiftelsen.

Giorgos Lanthimos er ein regissør som eg ofte har respektert meir enn eg nødvendigvis har likt. Filmar som det lesbiske kostymedramaet The Favourite og det overnaturlege familiedramaet The Killing of a Sacred Deer er velskrivne og stilsikre, men gav meg også lyst til smelte om til ein liten sølepytt og forsvinne. Det var derfor ei overrasking då supersuksessen Poor Things viste seg å vere ein ganske lystig affære.

 

Bugonia

Nasjonalitet/språk: USA, engelsk

Regi: Giorgos Lanthimos

Noregspremiere: 31.10.2025

Aldersgrense: 15 år

Sjanger: Svart komedie, sci-fi

Speletid: 1t 58m

Lanthimos sin nyaste film, Bugonia, finst ein stad på spekteret mellom det mørkaste og mest lystprega. Det er ei forbløffande forteljing der tragedie og komedie vevast så tett at dei ikkje kan skiljast, godt planta i det moderne, amerikanske samfunnet.

Ettersom filmen er ein remake av den koreanske Save the Green Planet, er det ei endring som hjelper Bugonia stå på eigne bein.

Gründer frå verdsrommet?

Michelle Fuller (Emma Stone) er den ressurssterke og anerkjente leiaren av eit enormt farmasøytfirma. Skal ein tru Teddy (Jesse Plemons), ein konspiratorisk birøktar, er ho også eit romvesen som ønsker å gjere slutt på menneskeslekta. Ved hjelp av sin einaste venn, søskenbarnet Don (Aidan Delbis), kidnappar han Michelle i eit forsøk på å redde menneskeslekta.

Fanga i kjellaren må Michelle gjere sitt beste for å sleppe ut, med list eller makt, før den ventande måneformørkinga: Dagen Teddy seier moderskipet kjem tilbake.

I si harselering med konspirasjonsteoriar og klasseskilje er Bugonia ein film som handterer store, politiske spørsmål gjennom eit lite knippe karakterar.

I ei uroleg tid, treff det, sjølv om eg ikkje alltid var heilt med på gjennomføringa.

Michelle og Teddy er fanga i eit slags katt-og-mus-spel som vert nydeleg nyansert gjennom skodespelet til Emma Stone og Jesse Plemons. Også Aidan Delbis som Don fortener ros, med ein prestasjon som er til å få vondt av. Utan andre vennar eller tru på seg sjølv, følgjer han Teddy gjennom godt og vondt i håp om å sleppe ut frå livet han kjenner seg fanga i.

Medan samtalane mellom dei to mennene er absurde i innhald, fangar dei også opp ei uventa sårheit, og latteren vert dobbeltsida. Denne kjensla gjennomsyrar filmen, og når sitt naturlege toppunkt i ein minneverdig finale.

Ikkje heilt der

Alt dette høyrest jo bra ut, og eg vil seie at eg sette pris på tida mi med Bugonia. Samtidig er eg litt skuffa. Dette var ein film eg så gjerne ville elske, men noko skurrar mellom det eg føler filmen vil vere, og korleis eg faktisk opplevde han.

Sjølv om skodespelet, som nemnt, er strålande, sleit eg med å knyte meg skikkeleg til karakterane. Det er mogleg at eg og Lanthimos berre ikkje heilt er på same bølgelengde, då eg har hatt ein tilsvarande reaksjon på fleire av dei andre filmane han har laga.

Dei er ofte stive og har ein sterilitet som tek sjåaren ut av opplevinga på eit vis der ein kan sjå på filmen med nye auge, som utanforståande som ikkje er oppslukte i handlinga.

Samtidig kjenner eg det ekstra sterkt her fordi Bugonia, i motsetning til for eksempel The Killing of a Sacred Deer, viser kjenslene tydeleg fram. Karakterar og skodespelarar er livlegare, og filmen sitt bodskap, i alle fall delar av det, er tydelegare. Bugonia slår meg som ein film som ønsker å nå inn til folk, men samtidig blir apatisk. Trass i kor banale dei verkar til å begynne med, er både Teddy og Don djupt tragiske karakterar med mykje på lur under overflata.

Alt ligg til rette for at eg skal føle noko stort, men augeblikket kjem ikkje.

Med alt det sagt, er det framleis ein film eg vil anbefale, og ein eg trur mange vil få meir ut av enn meg sjølv. Eg grublar stadig på slutten, akkompagnert av filmen sine mest slåande scener visuelt sett.

Sjølv om det ikkje er den forma grubling eg trur eg blir klokare av, er det godt å kjenne på at Bugonia gav meg noko å tyggje på, uavhengig av smaken.

Terningkast: 4