Politikk og samfunn

«Det er inga skam å snu, Arbeidarpartiet!»

Norsk miljøpolitikk kan ikkje baserast på at regjeringa legg fram alt for dårlege budsjett og ventar at miljørørsla og parti som SV ryddar opp, skriv SU-arar.

Vivian Kaulen Nedenes (23), sentralstyremedlem i Sosialistisk Ungdom, og Mali Regine Hegerberg Børset (24), miljøpolitisk utval i Sosialistisk Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Sjå for deg at du har gjort ein stor feil: Rota det til med kjærasten, gløymd bursdagen til ein nær ven, eller tatt eit skikkeleg dårleg val, sjølv om alle du kjenner råda deg til ikkje å gjere det. Mot alle odds kjem likevel ein moglegheit til å rette opp i feila- du får ein sjanse til å gjere alt godt igjen, grip du den? Ikkje om du er Arbeidarpartiet.

Sårbart økosystem

I 2024 prøvde dei nemleg å opne for gruvedrift på havbotnen i Arktis og no prøver dei igjen.

Forslaget inneber å leite etter og vinne ut metall og mineral frå botnen av djuphavet, eit sårbart økosystem vi veit alt for lite om. For å få til dette må ein mellom anna bruke store bulldosar-liknande maskinar til å pløye havbotnen. Ikkje berre er mange organismar i havet heilt avhengige av minerala dei ønskjer å ta ut, men leite- og utvinningsprosessen i seg sjølv, er veldig skadeleg.

Både forskarar, fiskarar, Miljødirektoratet og ei samla miljørørsle har åtvara mot å opne for gruvedrift på havbotnen, nett grunna at vi veit alt for lite om konsekvensane det vil ha. Ikkje ein gong Equinor kan stille seg bak denne typen industri. Heldigvis fekk vi i SV gjennomslag for å stanse desse planane sist statsbudsjett. Vi hadde håpa dette ville bli ein vekkjar for Arbeidarpartiet, men så feil kan ein altså ta. 

Kappløp mot botnen

No legg AP nok ein gong fram eit budsjett som ikkje tek naturen og klimaet på alvor. Forslaget om utvinning av havbotnmineral er kanskje det tydelegaste teiknet på dette. 

Budsjettet deira kjem berre to dagar etter rapporten om at jorda har nådd sitt første klima-vippepunkt: Dei tropiske korallreva vil ikkje overleva. Slike funn burde oppmode til handling, men AP gjer heller kappløp i å vere versting for klima og miljø.

quote-left

For oss unge som skal leve med konsekvensane av klimakrisa er dette ikkje anna enn pinsamt

quote-right

For oss unge som skal leve med konsekvensane av klimakrisa er dette ikkje anna enn pinsamt: Noreg kan bli det første landet i verda til denne forma for industri.

I ei verd som treng kollektiv dugnad i møte med klimaendringar, er ikkje dette ein konkurranse vi bør delta i, og i alle fall ikkje vinne. 

Ryddejobb

Norsk miljøpolitikk kan ikkje baserast på at regjeringa legg fram alt for dårlege budsjett og ventar at miljørørsla og parti som SV ryddar opp. Vi kan ikkje halde fram med å vere ei sinke i klima- og naturkampen, vi må heller evne å jobbe saman framover. 

Difor vil vi minne Arbeidarpartiet på at det ikkje er noko skam å snu. Det er ikkje kvar dag ein får moglegheita til å rette opp i feila sine, så grip den!