MDG-Frøya om romanserykte: – Tar det som eit stort kompliment
Etter stortingsmiddagen i går har fleire som spekulerer i om MDG-Frøya og FRP-Simen kan vere Noregs neste «power couple». Sjursæther seier det ikkje er hald i rykta.
– Det var veldig stas å vere der. Eg trur det må vere ein av dei største dagane i fireårsperioden eg no skal sitte på Stortinget.
Torsdag kveld var det duka for stortingsmiddag på slottet. Både stortingsrepresentantar og selebre gjester var invitert.
Ein av dei var Frøya Skjold Sjursæther (19). Som tidenes yngste stortingsrepresentant var ho der for fyrste gong.
– Det er sånne dagar som får meg til å innsjå at dette faktisk er jobben min framover, seier ho på telefon til Framtida.no.
Det var den 107. stortingsmiddagen i rekka etter at kong Haakon VII innførte det som fast tradisjon.
Tulla med i talen
Det var fleire vitsar frå talarstolen i løpet av kvelden. Mellom anna sa stortingspresident Masud Gharahkhani at det ville vere barnemeny, som eit stikk til Sjursæther.
– Stortingspresidenten gjorde litt narr av deg i talen. Kva tenkjer du om det?
– Nei, han kom bort til meg på Stortinget i forkant faktisk, og sa «eg køddar litt med deg under talen min». Så det gjekk heilt fint, eg var førebudd, flirer ho.
Sjursæther var ein del av delegasjonen som skulle snakke med kongen. Det seier ho gjekk fint.
– Vi snakka litt om å vere ung på Stortinget, og om maten.
– Det var litt surrealistisk, men det var ein fin kveld. Eg sat med Simen Velle, så det var hyggeleg.
Romanserykte
Sjursæther frå Miljøpartiet Dei Grøne og Velle frå Framstegspartiet posta begge bilete saman frå kvelden, og i kommentarfeltet på Instagram spekulerer nokon i om dei er «Noregs nye power couple». Nokon kommenterer at dei dei er eit vakkert par, og at dei «shippar dei», som betyr at dei håper dei skal bli saman.
– Om eg seier at det er romanserykte mellom deg og Simen, blir du irritert eller sjarmert då?
– Det tar eg berre som eit stort kompliment, seier ho.
– Eg trur det er fint for folk å sjå at det er gode relasjonar i politikken, og at det ikkje er så polarisert som det kan sjå ut som innimellom.
«Dette er det beste med det norske demokratiet: motpoler politisk møtes til festmiddag som venner, ikke fiender – selv om de er uenige så busta fyker», kommenterer ein brukar på Sjursæter sin Instagram-post.
View this post on Instagram
Velle kommenterer «10/10 slay» og har delt Sjursæther sitt Instagram-innlegg, og postar ein Instagram-story med den nye kollegaen sin.

Skjermdump frå Simen Velle (Frp) sin Instagram-story med kollega Frøya Sjursæther (MDG).
Han har òg delt Stortinget sin Instagram-video som viser at dei unge representantane møtest på tvers av parti for eit vorspiel der dei gjer seg klare til slottsmiddagen.
Det har ikkje lukkast Framtida.no å få ein kommentar frå Simen Velle.
– Kjempeviktig med gode relasjonar
– Kor viktig er det å ha gode relasjonar med politikarar frå andre parti?
– Det er kjempeviktig med gode relasjonar. Det er ingen fleirtalsparti på Stortinget, så ein er avhengig av å finne løysingar samen, svarar Frøya Skjold Sjursæther.






