Smilefjesa blir fleirkulturelle

Smilefjesa på Apple-telefonane og -nettbretta blir snart å finne i seks ulike hudfargar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Snart blir det ikkje berre kvite og gule ansikt i Apples emoji-utval. 

Ein kan allereie sende ei rad såkalla emojiar – symbol som uttrykkjer ulike kjensler – frå Apples og andre produsentars mobiltelefonar og nettbrett. Men i dag har symbola lys hudfarge, bortsett frå dei meir tradisjonelle, gule smilefjesa.

Sjølv om det etniske mangfaldet har mangla i emojiutvalet, er det i dag eit så rikt utval av ulike bilete at klassikaren Moby Dick har vorte omsett til emojis.

LES OGSÅ: Enorm vekst av nettbrett og mobil

Seks hudtonar
Neste oppdatering av operativsystemet iOS, som blir brukt på Apples iPhone og iPad, vil innehalde 300 nye emojiar med seks ulike hudfargar, melder fleire amerikanske medium.

«Emoji» stod på lista over dei ti beste nyorda i norsk språk i fjor. Ordet kjem frå Japan, der dei små symbola først vart tekne i bruk.

LES OGSÅ: Framandkrigar er årets ord

Kodemelding
Å endre på smilefjesa er inga enkel oppgåve. Når ein emoji blir sendt via SMS eller e-post, blir ein kode frå teiknsettet Unicode brukt. Unicode-konsortiet styrer reglane for teiknsettet, slik at alle teikn frå bokstavar til smilefjes blir vist likt på ulike system.

– Apple er opptekne av og støttar mangfald. Vi jobbar tett saman med Unicode-konsortiet for å sørgje for at teiknsettet betre kan spegle mangfaldet i samfunnet, seier ein Apple-talsmann til CNN. (©NPK)