Politihøgskolen vil la folk som er tekne for narkotika, bli politi
Personar som har fått eit forenkla førelegg for mindre mengder narkotika til eige bruk, vil frå 2026 kunna komma inn på Politihøgskolen på lik linje med andre.

– Unge folk må få ein sjanse til å leggja ting bak seg, seier styreleiar på Politihøgskolen Hans Vik til Khrono.
Fram til no har det ikkje vore mogleg å bli politi om ein har vorte teken med mindre mengder narkotika, som cannabis eller kokain.
I juni vedtok Stortinget endringar i straffelova, som del av rusreforma, inkludert å innføra forenkla førelegg for mindre alvorlege narkotikalovbrot. Desse skal ikkje registrerast på politiattest. I september vedtok Politihøgskolens styre å følgja dette.
Det endrar linja der Politihøgskolen har fram til no ikkje har akseptert søkjarar som er tekne for narkotika.
Det er ikkje bestemt når Stortingets oppmjuking av narkotikalovgivinga trer i kraft, men inntil då opnar Politihøgskolen for søkjarar som tidlegare har vorte tekne med mindre mengder narkotika frå opptaket i 2026. Det må vera minst tre år sidan regelbrotet.
Hans Vik, som også er politimeister i Sørvest politidistrikt, innrømmer at det er eit dilemma at endringane kan gi inntrykk av at litt eige bruk av narkotika ikkje er så farleg
– Det er sikkert nokon som vil meina det. Så tenkjer eg at ingen er feilfrie. Ingen av dei som søkjer her, har gått gjennom livet utan å gjera feil.