Ayesha Wolasmal får Jenteprisen
Wolasmal får prisen for arbeidet for jenter og kvinners rettar i Afghanistan.

– No har det nettopp vore stortingsval i Noreg. Sjå for deg at det er eit parti som vinn valet, som stenger ned jenteskular, rett og slett.
Slik skildrar Ayesha Wolasmal (37) korleis kvardagen for jenter i Afghanistan brått vart endra, då Taliban tok over makta i 2021. Den islamistiske rørsla har innskrenka rettane til jenter på mange område. Dei har innført restriksjonar på kor jenter og kvinner kan bevege seg ute, kvinner får ikkje ta del i politikken og bøker skrivne av kvinner er fjerna frå pensum.
Det mest katastrofale, meiner Wolasmal er utdanningsforbodet. Jenter får ikkje gå på skulen lenger enn til sjetteklasse.
– Det er jenter frå sjuandeklasse og opp som gret seg i søvn kvar kveld fordi det dei hata med skulen, er det dei saknar mest no. Dei vil ha lekser, dei vil kome seg til eit klasserom, fordi dei blei fråtekne den grunnleggjande retten over natta.
Får Jenteprisen
Ayesha Wolasmal er fødd og oppvaksen i Oslo, og har røter frå Afghanistan. Ho har vore diplomat og humanitær hjelpearbeidar i landet, og har sidan 2019 arbeidd med kvinne- og barnehelse i Afghanistan. Då Taliban tok makta i 2021, vart ho hasteevakuert frå Kabul, før ho seinare reiste tilbake.
I boka Tusen dager med Taliban frå 2024 skildrar ho kva som skjedde i landet etter at verdas merksemd forsvann.
No får ho Jenteprisen for arbeidet sitt.
– Det betyr mykje for saka og jobben eg gjer i Afghanistan, seier Ayesha Wolasmal på telefon til Framtida.no.
Kvart år deler Plan International Norge ut Jenteprisen til ein person eller aktør som har gjort ein viktig innsats for jenters rettar og likestilling. Prisen blir delt ut på FNs internasjonale jentedag 11. oktober.
Jenteprisen
Plan International Norge har delt ut Jenteprisen årleg sidan 2012.
Prisen blir delt ut på FNs internasjonale jentedag, 11. oktober.
Jenteprisen blir delt ut til ein person eller aktør som har gjort ein viktig innsats for jenters rettar og likestilling.
Juryen i 2025 er:
- Isabelle Ringnes – Gründer, formidlar og forfattar (juryleiar)
- Edin Babic – Kommunikasjonssjef i Likestillings- og diskrimineringsombodet
- Noman Mubashir – Journalist, programleiar og forfattar.
- Rima Iraki – Journalist, programleiar og forfattar
- Martine Folkestad – Juniorrådggjevar i URO (Ungdommens rettighetsorgan), ungdomsgruppa til Plan International Norge
– Vi lever overraskande nok i ei tid der det er store tilbakesteg for kvinners rettar og jenters moglegheit til å utdanne seg. Det er som om likestillingspolitikken, som i utgangspunktet har vore veldig skjør i mange land, no blir fullstendig reversert, seier Wolasmal.
Sjokkerande utvikling
Ho understrekar at Afghanistan var eit land som i utgangspunktet strevde på likestillingsfronten. Likevel hadde ein i storbyane sett ei utvikling dei siste 20 åra.
Tidelegare vinnarar av Jenteprisen:
2024: Iman Meskini
2023: June Holm og Vi tror deg-stiftelsen
2022: Endometrioseforeningen
2021: Moving Mamas
2020: Stine Sofies Stiftelse
2019: Papillon
2018: Mia Landsem
2017: JURK, Juridisk rådgivning for kvinner.
2016: Andrea Voll Voldum
2015: Deeyah Khan
2014: Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF) og Gerd Fleischer
2013: Fakhra Salimi
2012: Sara Kahsay
For Wolasmal har det vore særleg sjokkerande å sjå den synlege overgangen i storbyane frå Den islamske republikken til Taliban.
– Bybiletet var dominert av jenter i alle aldrar og kvinner på universitet som gjekk til og frå utdanningsstadane. No ser ein jo ikkje det lenger. No sit dei heime og ventar på at desse lovene skal reverserast.
Ho understrekar at det handlar om systematisk politikk, ikkje berre ein ukultur.
– At kvinner blir utsette for kvinnefiendtleg politikk er ikkje noko nytt. Det finst mange land i verda der kvinner blir utsett for grov urett. Forskjellen på situasjonen i Afghanistan er at det er det einaste landet som forbyr utdanning.
– Ekstremt urettferdig
I grunngjevinga skriv juryen at Wolasmal har gitt eit unikt innblikk i ei verkelegheit mange ikkje ønskjer å sjå, og viser at det er mogleg å gjere ein forskjell i dei mørkaste tider. Dei løftar vidare at Wolasmal har vore ein nøkkelperson i å sikre helsetenester og vaksinar til kvinner og barn under Taliban-regimet.
«Med sin kombinasjon av integritet, mot og menneskelegheit har ho blitt ein rollemodell, ikkje berre for kvinner i Afghanistan, men for oss alle. Ho har bana veg for ei framtid der vi ikkje kan tillate oss å ignorere dei som treng oss mest,» skriv juryen.
Grunngjevinga frå juryen
«Nokre menneske tar ikkje berre plass, dei skapar plass – både for seg sjølv og for andre. Årets vinnar har gjort nettopp det, og på ein måte som har inspirert oss alle. Ho er ei kvinne som har utfordra dei etablerte grensene, både profesjonelt og personleg, og har skapt rom for dei stemmene som elles ville vore oversett.
Med arbeidet sitt i Afghanistan har ho stått i første rekke, både som diplomat, humanitær rådgjevar og forfattar. Ho har jobba for FN og WHO, og har vore ein nøkkelperson i å sikre helsetenester og vaksinar til kvinner og barn under Taliban-regimet. Ho har vore der dei fleste av oss aldri kan vere, og delt sine erfaringar på en måte som både er modig og audmjuk.
Gjennom boka si Tusen dager med Taliban har ho gitt oss eit unikt innblikk i ei verkelegheit som mange ikkje ønsker å sjå, og ho har blitt ein viktig talsperson for afghanske kvinners rettar – særleg når utdanning og helse har blitt teke frå dei. Ho har møtt Taliban-leiarar, fremja helsediplomati og vist at det er mogleg å gjere ein forskjell sjølv i dei mørkaste tider.
Med sin kombinasjon av integritet, mot og menneskelegheit har ho blitt ein rollemodell, ikkje berre for kvinner i Afghanistan, men for oss alle. Ho har bana veg for ei framtid der vi ikkje kan tillate oss å ignorere dei som treng oss mest.»
Martine Folkestad (17) er medlem i URO, ungdomsgruppa til Plan International Norge, og har sete i juryen til årets Jentepris. Ho er opprørt over situasjonen for jenter i Afghanistan.
– Det er absolutt ikkje sånn som det skal vere. Det er verkeleg eit behov for å løfte situasjonen, og få hjelp til dei. Vi vil jo at alle skal kunne ta utdanning og kunne gjere det dei vil med livet sitt. Det er ekstremt urettferdig, seier ho på telefon til Framtida.no.
Folkestad i URO fortel om mange gode kandidatar til prisen, og har sjølv blitt inspirert av juryarbeidet. 17-åringen håpar at Jenteprisen kan bidra til å løfte vinnarens arbeid.
– Det er vanskeleg å sitje her og skulle gjere noko, men sånn som Ayesha Wolasmal, så har ho sagt sitt og stått stødig på det. Ho har gjort folk meir oppmerksame, og det er veldig bra.
– Ayesha Wolasmal har kjempa ein kamp som har gått litt stille forbi, og som absolutt fortener meir merksemd.
Mange kriser
Wolasmal er ikkje heilt einig i at situasjonen i Afghanistan ikkje har fått så mykje merksemd.
– Ein ting er å vite kva som skjer, men det eg tenker er enda viktigare, er korleis vi løyser det, korleis vi møter denne fastlåste situasjonen.
Ho trur at dei som følgjer med, har fått med seg at jenter og kvinner ikkje får gå på skule og jobbe.
– Det som gjer situasjonen vanskeleg, er nok at det er mykje uro i verda. Det skjer utruleg mykje, det er mange kriser som skjer samstundes. At Afghanistan og kvinner og jenter situasjon er litt lenger nede på nyheitsdagsordenen, er sjølvsagt sant.