UngOrg fryktar ungdomstilbod vil kollapse med byrådets budsjettkutt
Byrådet i Oslo føreslår å kutte 495 millionar kroner til bydelane i 2026. UngOrg åtvarar om at kutta vil råke fritidsklubbar og førebyggjande arbeid.

Saka er oppdatert med kommentarar frå kommunal- og distriktsminister Bjørnar Selnes Skjæran.
– Når bydelane må kutte så dramatisk, er det i praksis fritidsklubbar, ungdomstilbod og førebyggande arbeid som står i fare, fordi dette er ikkje-lovpålagde oppgåver, seier August Østby, styreleiar i UngOrg i ei pressemelding.
UngOrg er ein paraplyorganisasjon for over 50 barne- og ungdomsorganisasjonar i Oslo.
Byrådet i Oslo føreslår å kutte 495 millionar kroner til bydelane i 2026. Østby fryktar det vil ramme fritidstilbod og nærmiljøtiltak.
– Byrådet seier dei prioriterer barn og unge, men verkelegheita er at mange ungdommar kan miste sitt viktigaste fellesskap, seier Østby.
Må sjå heilskapen
Driftsstøtta for barne- og ungdomsorganisasjonar i Oslo blir vidareført på same nivå som tidlegare, noko UngOrg er glade for.
Men organisasjonen er kritiske til at barn og unge kan miste fritidstilboda og førebyggande tenester i nærmiljøa sine. UngOrg ber politikarane sjå heilskapen i budsjettet og ikkje berre enkeltpostar.
– Det hjelper ikkje å halde liv i organisasjonane våre viss resten av tilboda rundt unge kollapsar. Når kommunen vel å kutte i bydelane samstundes som dei reduserer eigne inntekter, sender dei eit tydeleg signal om kven som må betale prisen for den økonomiske krisa. Og det er dei unge, uttalar Østby.
UngOrg etterlyser eit tydelegare ungdomsperspektiv i budsjettprioriteringane. Styreleiaren peikar på at tidleg innsats og gode fritidstilbod bidreg til å førebygge utanforskap og kriminalitet.
– Oslo har ikkje råd til å spare seg til fant ved å kutte der det svir mest for dei som har minst.
Krevjande økonomisk situasjon
Helsebyråd i Oslo Saliba Andreas Korkunc (H) skriv til Framtida.no at fleire bydelar har hatt dårleg økonomi over fleire år, og at behovet for omstilling er stort.
– Oslo kommune står i ein svært krevjande økonomisk situasjon, med dramatiske fall i skatteinntektene, og ei byfiendtleg regjering som tar frå Oslo kommunes inntekter og fordeler desse til distriktsskular og tomme lensmannskontor ute i landet, svarar Korkunc når Framtida.no spør kvifor dei vil kutte 495 millionar kroner frå budsjetta til bydelane.
Dei neste fire åra skal Oslo kommune spare om lag 2 milliardar kroner, og nær halvparten skal skje neste år, skriv NRK. Likevel held byrådet fram å trappe ned eigedomsskatten på bustad.
Seier dei har tatt grep
Framtida.no har spurt byrådet i Oslo korleis dei vil sikre at budsjettkutta ikkje går ut over barn og unge.
– Det er ingen tvil om at dette blir tøft for bydelane, som må gjere tøffe prioriteringar både i år og i åra som kjem. Vi har vore tydelege overfor bydelane at 2026 blir det mest krevjande året økonomisk, svarar helsebyråden.
Han viser til at dei har tatt fleire grep for å hjelpe bydelane.
– Vi har redusert rammekuttet med 120 millionar kroner, vi styrkar skulane, vi har sørgt for varig styrking av skulehelseteneste og rask psykisk helsehjelp, vi satsar på arbeidet mot ungt utanforskap og vi gir meir til barnevernsinstitusjonar. Vi har dessutan eit øyremerkt tilskot til fritidsklubbar i bydelane på 20 millionar kroner årleg, som blei innført for å hindre nedlegging av slike tilbod.
Opp til kommunane å prioritere
Kommunal- og distriktsminister Bjørnar Selnes Skjæran (Ap) seier at regjeringa har sørgt for ekstra inntekter til kommunar i ein krevjande situasjon både i fjor og i år. I ein e-post til Framtida.no skriv han at dei har varsla ytterlegare vekst i 2026 på mellom 4,2 og 4,9 milliardar kroner.
– Oslo kommune har, på lik linje med dei andre kommunane, fått sin del av dette. Regjeringas endringar i inntektssystemet for kommunane omfordeler meir av skatteinntektene frå skattesterke til skattesvake kommunar.
– Sjølv etter denne endringa har Oslo kommune høgare inntekter enn landsgjennomsnittet, uttalar statsråden.
Han understrekar at det er opp til kvar enkelt kommune å prioritere innanfor den økonomiske ramma dei har, og ha god økonomistyring for å halde balanse i kommuneøkonomien.
– Dette gjeld også Oslo kommune.