One Battle After Another: – Blant dei aller beste kinofilmane i år

Paul Thomas Anderson leverer ein av årets beste filmar: Eit heseblesande, heilstøypt actiondrama med beina planta i samtida.

Jenny Lund
Publisert

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung kritikk 2025», støtta av stiftinga Bergesenstiftelsen.

For 16 år sidan var Bob (Leonardo DiCaprio) del av ei venstreradikal opprørsrørsle, men kort tid etter at dottera Willa (Chase Infiniti) blei fødd, tok han farvel med det livet. Tilværet som einsleg familiefar er ikkje den enklaste, spesielt då Bob er litt i overkant glad i rusmiddel.

Når ein telefon informerer om at Willa er i fare, må Bob vende seg til sine gamle venar. Det som følgjer er eit adrenalintungt ritt gjennom politisk uro, personlege agendaer og dei uventa måtane dei overlappar.

 

One Battle After Another

Nasjonalitet/språk: USA, engelsk, spansk

Regi: Paul Thomas Anderson

Noregspremiere: 26.09.2025

Aldersgrense: 15 år

Sjanger: Action, drama

Speletid: 2t 41m

 

Kvalitetskarakterar

Trass i at eg har sett alt for lite av arbeidet hans, har eg forstått at ein ny Paul Thomas Anderson-film aldri er noko å snøfte av. Den amerikanske regissøren er kjent for lange, karakterdrivne drama som vevar saman rike forteljingar, ofte med ein solid dose humor. One Battle After Another er ikkje noko unntak

Bob er eit velkomme tilskot i Anderson sitt galleri av særingar, og Leonardo DiCaprio gir jernet i rolla. Å spele ein patetisk middelaldrande mann er eit karrierehøgdepunkt eg unner eit kvart tidlegare tenåringsidol.

Det høyrest kanskje ironisk ut, men eg er hundre prosent ærleg: Dette er ei rolle som trekker imponerande mykje humor, smerte og ikkje minst menneskelegdom ut av DiCaprio. Det gir også ein herleg kontrast til andre karakterar. Eplet kan falle langt frå stammen, og Chase Infiniti (for eit rått namn!) sin filmdebut som Willa gir meirsmak, sjølv om viljesterk tenåringsdotter er ein godt brukt karaktertype. Rollelista ligg generelt knallhøgt: Halve denne meldinga kunne lett ha vore ei smørbrødliste med ros til kvar enkelt av dei.

 

Filmskaping med puls

Det er berre småpirk som held One Battle After Another frå det absolutte toppsjiktet. Eg storkoste meg under heile filmen, men han set seg ikkje heilt i hovudet på det viset eg krev for å dra fram terningkast seks. Det er likevel ikkje snakk om store marginar, og eg kan trygt erklære han blant dei aller beste kinofilmane i år. Storfilmar blir ikkje stort betre enn dette. Sjølv bekymringa mi for den sjenerøse speletida smelta bort medan Anderson tråkka på den regimessige gasspedalen: Dette er så finpolert at ein ikkje får tid til å kjede seg.

One Battle After Another dundrar konstant framover, med ein puls som om han var eit levande beist. Musikken, både dei songane som er plukka ut til bruk i filmen og Jonny Greenwood sitt dansande originalljodspor, er ein fornøyeleg følgjesvein som stadig løftar den skiftande stemninga. Det er mange kjensler og handlingstrådar på bordet her, men Anderson har ei imponerande evne til å setje dei saman på tilfredsstillande, uventa måtar. Sjeldan har ein film gjort seg så fortent til sin eigen tittel: Ein kamp følgjer verkeleg ein annan.

Rivande relevant

One Battle After Another er ein film for vår tid, ein enorm, oppslukande odyssé gjennom eit USA i kaos. Anderson gjer ein fabelaktig jobb med å få filmverda til å kjennest større ut enn det ein ser. Mange av takingane er lange og innhaldsrike. Kameraet bevegar seg gjennom travle bygg, gater og folkemengder med raske skritt og vibrerande energi. Demninga er brote, og nå får ein berre kjempe mot straumen så godt ein kan.

Tematisk sett sit det som hand i hanske: Bob har hatt privilegiet av å vere menneske først, og så aktivist, medan det gamle nettverket ikkje har hatt anna val enn å fortsetje kampen. Forteljinga hans er berre ein brøkdel av eit større bilete, men det at Anderson held fast på nettopp det tilfører vekt til filmen sitt dryss av politisk satire.

I One Battle After Another vevar Paul Thomas Anderson samen ein rik, kompleks verd som ligg skummelt nær vår eiga, men som likevel maktar å både underhalde og engasjere. Resultatet ein er storfilm med stor S, så ikkje vent på strøymetenestane for denne.

Terningkast: 5