13-åringar mistenkt for eksplosjon knytt til kriminelt nettverk
Politiet i Oslo vart varsla om ein eksplosjon på Bislett tysdag kveld.
Det vart kasta to granatar. Den eine handgranaten sprengde i området Pilestredet, den andre vart funnen udetonert i ei gate og vart detonert av politiet.
Ingen menneske vart skadd.
Fire mindreårige gutar, to på 13 år og to på 15 år, vart tekne inn av politiet. 15-åringane er sikta for medverknad til grov ulovleg omgang med eksplosiv, og vart sleppt laus torsdag. 13-åringane er ikkje avhøyrt enno, og blir teke hand om av barnevernet.
Aktiviteten i Danmark var større, og dei to hendingane er ikkje nødvendigvis kopla saman, men den danske statsministeren Mette Frederiksen har sagt at dei vil samarbeide med Noreg og Sverige om å etterforske hendingane. I Danmark omtaler politiet hendinga som eit droneåtak, men dei veit ikkje kven som står bak droneaktiviteten.
Dansk politi var på plass ved ei av rullebanene på Kastrup måndag kveld. | Foto: Johan Nilsson / TT / NTB
Sju nye land anerkjenner Palestina
Denne veka vart Palestina anerkjent som stat av Portugal, Storbritannia, Canada, Australia, Frankrike, Belgia og Monaco under opninga av FN i New York.
Storbritannia og Frankrike er dei første G7-landa som kjem med ei slik anerkjenning.
Den franske presidenten Emmanuel Macron taler i FN om ei tostatsløysing for Israel og Palestina 22. september. | Foto: UN Photo/Loey Felipe
Fleire døde etter kraftig tyfon i Aust-Asia
Tyfonen Ragasa blir omtalt som den kraftigaste på fleire år.
Ifølgje VG har minst 27 personar i Taiwan, Kina og Filippinane mista livet. Tyfonen har ført med seg større skader, med øydelagde demningar og hus som står under vatn.
I Kina er nesten to millionar personar evakuert som følgje av stormen.
Lokale styresmakter i sørlege Kina hjelper innbyggjarar med evakuering onsdag 24. september. | Foto: Cheong Kam Ka/Xinhua via AP
Frå denne veka kan du bestille fastpris på straum
Noregspris er ein fast straumpris som regjeringa innfører frå 1. oktober. Det er ei frivillig støtteordning som gjer at prisen blir 40 øre per kilowattime.
Dersom ein ikkje melder seg på ordninga, er det den vanlege straumstøtta som gjeld.
Om det lønar seg, kjem an på forbruket ditt og kvar du bur. Ifølgje Forbrukarrådet er det mest lønsamt med Noregspris i Sør-Noreg, medan det lønar seg mindre for dei i Nord-Noreg. I Midt-Noreg er det lurt å sjå an korleis prisen blir.
No kjem Noregspris. Om det lønar seg kjem an på kvar du bur. | Illustrasjonsfoto: Fré Sonneveld via Unsplash
✨Lyspunkt✨: Historisk gjennombrot for Huntingtons sjukdom
Huntingtons sjukdom er ein arveleg sjukdom som drep hjerneceller, og fører til demens og ufrivillige kroppsrørsler. Sjukdommen viser seg vanlegvis ikkje før i vaksen alder.
For første gong har forskarar klart å bremse sjukdommen. Det er britiske forskarar ved University College London som står bak resultatet.
Behandlinga gjorde at sjukdommen gjekk 75 prosent langsamare. Symptom som vanlegvis kjem i løpet av eit år, vil dermed ta fire år, og dei med sjukdommen får lengre tid som frisk.
Huntingtons sjukdom er ein sjukdom der cellene i hjernen blir øydelagt. | Illustrasjonsfoto: Robina Weermeijer via Unsplash
Har du fått med deg desse sakene frå veka som gjekk?
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.