Men alle har godt av å tilbringe nokre netter ein plass i naturen utan 5G, meiner eventyrar Karen Kyllesø.

– Det gir veldig meistringskjensle å vise seg sjølv at ein klarar meir enn ein trur. Eg håpar boka vil treffe alle som har ein draum og lurar på kor dei skal starte, seier Karen Malena Kyllesø (22).
Ho skapte overskrifter då ho i vinter vart den yngste nokonsinne som har gått til Sørpolen, etter 54 dagar på tur over isen.
No gir ho ut boka Heilt aleine – 54 dagar på tur til Sørpolen.
– Eg håpar mange unge har lyst til å lese henne, og at eg kan inspirere til å stå i ting for å nå måla sine, sjølv om det kan verke tungt undervegs. Tore å ta ei utfordring. Meistring er med på å gjere oss til tryggare menneske, seier ho.
Emosjonell reise
Vi burde kanskje ha teke henne med på ein kafé på Grønland, men i staden treffest vi i Torggata. Kyllesø fortel at ho alltid har vore glad i å skrive, og at ho alltid har skrive dagbøker når ho har vore på tur. I Helt alene siterer ho også frå dagboka då ho gjekk over Grønland som 14-åring, også då som tidenes yngste.
– Det eg har tenkt mest på, er kor mykje eg har endra meg. I dag har eg mykje betre grunnlag til å reflektere over kva eg held på med.
Boka vert såleis også ei reise gjennom kjenslelivet til 22-åringen. Ho vaks opp i ein heim der dei ikkje snakka så mykje om kjensler. I arbeidet med boka har ho vorte nøydd til å grave djupt, og bli kjend med nye sider av seg sjølv.
– Eg har forstått at eg ikkje er så kjenslelaus som eg trudde. Å skrive boka var ein fin prosess. Ein gong sat eg på flyplassen i Tromsø og skreiv om noko av det tyngste som skjedde på turen. Då byrja eg å grine. Eg vart dragen tilbake til teltet, og eg hugsa kor tungt eg syntest det var. No veit eg jo at det har gått bra, men det visste eg ikkje då. Det var litt merkeleg. Det var som å gå turen på ny, seier ho.
Ikkje alle skal til Sørpolen
Med ein tidleg og suksessfull start på polfarar- og eventyrar-karriera, følger også store overskrifter. Tidenes yngste her og der. Ho er tredje norske kvinne som har gått til Sørpolen. Tolvte kvinne nokosinne.
– Kva tenker du om det å vere eit førebilete?
– Eg håpar ikkje eg inspirerer mange til å gå til Sydpolen. Det er ikkje noko alle skal halde på med. Men eg har lyst til å inspirere mange, særleg unge, til å sjå at det går an å tenke annleis. Gjere andre ting, ikkje berre følge i andre sine spor.
Samstundes trur ho det er vanskeleg å gå sin eigen sti som ung i dag.
– På skulen skal alle ha like sekkar, sko, skifte ut når det kjem nye trendar. Det å finne ut kva du sjølv faktisk ønsker, kan vere vanskeleg, når det verkar som om alle har lyst til det same. Eg vil inspirere til å tore å skille seg litt ut og gjere det ein drøymer om, seier ho.
Heilt åleine
Sjølv har ho ofra mykje på vegen til Sørpolen. I ungdomstida var ho «ho rare» som drog på tur heile sommaren, i staden for å vere med på bygdefestane heime.
Ho skildrar ungdomstida som den tida av livet då ho kjende seg mest einsam.
Ikkje etter 50 dagar på Sørpolen, altså.
Ho trekker fram eit sitat frå Helge Ingstad: «Og tror du det var ensomt å ferdes slik alene, der skog og tundra sprer seg krevende og vill. Da feiler du min kjære, for det er blant mennesker at ensomhet blir til.»
Ho fortel at ho sjølv korkje manglar kjærleik frå andre, eller nokon å diskutere interessene sine med.
– Men det er skilnad på einsam og åleine. På Sørpolen kjenner eg meg veldig åleine, og overlaten til meg sjølv. Ingen kan hjelpe meg om det skjer noko. Alle val må eg ta åleine. Eg må stå i ting sjølv. Det kan vere tungt å aldri ha nokon å lene seg på, men samstundes føler eg at det gjer meg sterkare. Ein må jo vidare, løyse problemet. Det gir utruleg mykje tilbake. Det er ei kul kjensle å sitte att med.
Nytt perspektiv på kvardagen
Kyllesø trur alle har godt av å komme seg vekk frå alt det andre, vere litt åleine meg seg sjølv og sine eigne tankar, gjerne nokre dagar unna internett og mobildekning.
I det moderne samfunnet har vi alle verktøya vi treng for å halde oss varme, tørre og mette. Men korleis er det å vere i ein situasjon der du er heilt overlaten til naturkreftene?
– Du får ein heilt annan respekt for det. Det å klare deg i ekstreme forhold, å ha det så fint i eit så ekstremt miljø, er ei veldig kul kjensle. Når eg går på Antarktis veit eg at det ikkje lever ein einaste bakterie i den isen, for ingenting kan leve der. Men der går eg inne i dei varme, gode kleda mine og har det bra. Det er rått, på ein måte, seier ho.
Og det er noko med dei kontrastane. Den intense kulden, og varmen inne i teltet i midnattssola. Kjensla av å få slappe av etter å ha brukt kroppen. Og ikkje minst kontrastane mellom Sørpolen og Noreg.
– Når du kjem heim etterpå, kor kjekt det er med vanlege, kvardagslege ting. Berre det å ha ein samtale med nokon, blir plutseleg veldig stas. Du tar deg meir tid til å høyre etter. Å ta ein varm dusj og ha tid til å drikke ein kopp kaffi om morgonen. Eg trur fleire hadde hatt godt av å gå ut og oppleve det motsette, for så å komme heim og sjå kor godt vi eigentleg har det.
Trykkande stille
Det er ikkje mobildekning på Sørpolen. Ingen 5G. Kyllesø hadde kontakt med omverda via ein sattelittelefon, men når ho opna Instagram på telefonen, vart ho møtt av ein tom skjerm. Likevel merka ho dei første dagane på tur, at tommelen vart dregen mot Instagram-symbolet på skjermen.
– I starten gjekk turen veldig seint, samanlikna med tempoet vi er vane med å leve i. Stilla kjendest trykkande. Eg visste nesten ikkje kor eg skulle gjere av meg. Eg høyrde på podkast for å distrahere meg frå mine eigne tankar.
Men etter kvart merka ho kor herleg stilla var. Podkasten vart støy. Ho kjende seg frisloppen frå livet i sosiale medium.
– Det kjendest som om eg levde mykje meir. Alle opplevingane var her og no, på ekte. Eg levde ikkje gjennom ein skjerm. Den «FOMO-en» som eg får heime, når eg føler at venene mine gjer kulare ting enn meg, eller at eg gjekk glipp av noko, var borte. Eg hadde jo ikkje peiling på kva dei heldt på med.
Tilbake i gamle spor
Når ho kom tilbake til Noreg, tenkte ho at ho skulle slutte å skrolle på telefonen før ho la seg. Ho hadde merka kor mykje betre ho sov utan.
Men så vart ho dregen tilbake i gamle vaner, som alle andre.
– Eg trur vi må vere jamleg ute i naturen, vekk frå kvardag og skjerm, for å bli påmint kva som eigentleg betyr noko, slår ho fast.
Ho prøver å stå imot mobilen. Samstundes har ho jobben sin der, på Instagram-kontoen Friluftsjenta, med 42.000 følgarar. Ho vert inspirert av andre eventyrarar i sosiale medium. Og dessutan har ho funne miljøet sitt der.
– Det trur eg mange unge opplever; at det ikkje er nokon i nærmiljøet som deler interessene dine, men så finn ein kvarandre på internett. Sånn sett trur eg det er mykje positivt med sosiale medium. Men det er definitivt ei forbanning, seier ho.
– Har du lært noko om skjermbruk på tur, som du brukar i kvardagen?
– Å ikkje bli så mykje påverka av det ein ser. Eg veit at då eg var på Sørpolen, brydde eg meg ikkje om dette og dette. Då hadde ikkje merket på jakka noko å seie, men at ho heldt meg varm og trygg. Eg er meir medviten om å kjøpe klede som eg treng, som har funksjonane eg har behov for; ikkje å byte ut klesskapet fleire gonger i året, seier ho.
Gode førebilete
Tolvte kvinne på Sørpolen, altså. Det vitnar ikkje om eit stort kjønnsmangfald i polfararmiljøet. Ho, og alle forgjengarane hennar, har vore unntaket heller enn regelen.
Likevel slår Kyllesø fast at ho aldri har kjent seg undervurdert på grunn av kven ho er.
– Eg høyrer om andre som har blitt det. Men eg føler at eg har fått utelukkande positiv merksemd frå dei fleste. Alle har vore på tilbodssida og villa hjelpt meg. Dei fleste eg har forholdt meg til i mitt prosjekt, har vore menn som har trudd på og støtta meg.
Ho har vakse opp med mange gutar og menn rundt seg. Hadde gutevener som lita, jobba på ein mannsdominert arbeidsplass.
– Det har påverka interessene eg sjølv har fått. Eg har aldri følt på det å vere jente som ei avgrensing. Far min introduserte meg for jakt like mykje som bror min, han skilde aldri på det. Eg trur det har hatt mykje å seie, seier ho.
Ho trekker likevel fram Liv Arnesen, historias første kvinne på Sørpolen, som eit viktig førebilete.
– Har det vore viktig for deg å ha kvinnelege førebilete?
– Eg trur ikkje eg har lagt så mykje i om førebileta mine har vore kvinner eller men. Men eg veit ikkje om eg hadde gjort det om ikkje andre kvinner hadde gjort det før meg, og vist at det var mogleg. Det er veldig mange inspirerande kvinner i miljøet. Men det er mange inspirerande menn óg.
Vil ta betre vare på naturen
I haust la Kyllesø ut på ein litt annan tur: Ho drog meg seg flyttelasset sitt og fór til Trondheim for å byrje på geologi-studiet.
Gjennom livet har ho brukt utallige timar på å stire på fjellandskap, isbrear, vakte seg for skred, sjå etter spor i naturen.
No skal ho dukke endå djupare ned i materialet. Bli kjend med fjellet. Studere korleis klimaendringane medfører ekstremvêr som påverkar skredfare. Studere isbrear i neste omgang.
– Når du er på tur, får du ei ekstrem oppleving med kor fint det er. Rundt deg har du 360 grader med glitrande nysnø, den reinaste snøen i verda. Det er ingen andre skispor, ingen teikn til menneske. Dei spora eg tråkkar, har truleg ingen tråkka i før meg. Det inspirerer til å ta betre vare på naturen, på breane. Kanskje kan eg i framtida kombinere ein ekspedisjon med jobb og fag, og gi endå større meining til å gå på desse turane, seier ho.