Sjå kva Hubble-teleskopet fann!

Eit lurt smil dukka opp på himmelen etter ei rekke tilfeldigheiter.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Iflscience.com viser fram biletet NASA sitt Hubble-teleskop fanga opp av to fjerne galaksar som – saman med nokre linjer – formar eit smilefjes på himmelen langt unna.

LES OGSÅ: Forskarar fann urgammal stjerne

Galaksane blir til auger, medan linjene rundt er laga av det som blir kalla «gravitational lensing» – kort oppsummert lys som blir bøygd av tyngdekraften til store galaksar mellom Hubble-teleskopet og det me ser på.

Om det virka komplisert kan du lesa ei grundigare, og enno meir komplisert forklaring her.

LES OGSÅ: Trur universet vil gå ut på dato

Hubble-teleskopet kan sjå lengre har krinsa rundt jorda og levert strålande bilete av universet rundt oss sidan 1990, og oppdagar framleis nye ting. Fleire døme på bilete Hubble-teleskopet tek, kan du sjå her.

LES OGSÅ: Det skjulte universet i fjordane