Malin (24) fann kjærleiken gjennom råning

Saman med bilgruppa Ignition Crew vil ho skape møteplassar for bilinteresserte jenter.

Åshild Slåen
Publisert

– Mange har hatt haldninga at berre fordi vi er jenter, så er vi ikkje bilinteresserte, og kan ikkje så mykje om det.

Det seier Malin Jacobsen (24) når Framtida.no møter ho på Vinstra vegpark i Nord-Fron kommune. Ho er styremedlem og merchansvarleg i bilgruppa Ignition Crew. Det er ei landsdekkande gruppe som vart starta i 2021 av og for bilinteresserte jenter.

– Det er det vi prøver å få snudd, og vise at jentene også kan bil, og at vi er like bra som gutane på det.

Det sosiale bilmiljøet

Jacobsen har sjølv alltid vore bilinteressert. Ho vaks opp på Harpefoss, og ein av favorittstadene hennar var garasjen.

Det var først då ho flytta til Toten at ho verkeleg vart ein del av det meir sosiale bilmiljøet.

– Det er eit bilmiljø her i dalen også, men det blir jo større når ein kjem nærmare byane. Det er jo naturleg når det er fleire folk også.

Då vart ho ven med fleire som hadde same interesse, som gjorde det lettare å reise på arrangement og møteplassar, sidan ho slapp å dra åleine.

Det var også der ho møtte sambuaren sin, Martin Aasen, som etter kvart flytta med ho tilbake til Gudbrandsdalen.

Han har ekstra tid med dottera i bilen medan kjærasten blir intervjua.

– Korleis er det å ha ei så bilinteressert dame?

– Det er kjempetriveleg. Eg er jo ein rånegut sjølv, seier Aasen.

– Vi hadde felles venar som også var bilinteresserte, så det var jo sånn vi møttest, seier Jacobsen.

Familiebil må prioriterast

Aasen jobbar i dag hjå Tine. Jacobsen er utdanna barne- og ungdomsarbeidar, men er i permisjon akkurat no.

Når Framtida.no møter dei kjem familien i ein lånebil, medan familiebilen er på verkstad. Til vanleg køyrer Jacobsen rundt i ein Volvo V70, som vart kjøpt til dei skulle få barn.

– Eg har ikkje gjort så mykje med han endå. No er eg blitt meir på det med å ha ein trygg bil når eg har ein liten unge. Då har eg lagt litt frå meg å fikse på og stashe.

Bilen før, ein Volvo V50, gjorde ho derimot ein del på.

– Eg hadde senka han og styla han opp med litt forskjellig.

Det sosiale miljøet, og interessa for å skru på bil får utløp gjennom bilmiljøet og bilgruppa Ignition Crew. Som merchansvarleg sørgjer ho for at folk har tilgang til klistermerke, klede og wunderbaum med logoen deira, og saman med resten av styret får dei ordna sosiale samankomstar over heile landet.

Bilen før familien vart fiksa litt meir. | Foto: Privat

Strengare street-meet

I juli hadde dei eit street-meet på Vinstra, som ho synest var stas å arrangere.

– Det var overraskande mange som møtte opp, fortel ho.

Ho kjenner fleire som reiser heilt ned til Gjøvik nettopp for å kunne ha slike møteplassar.

– Så det var veldig fint å få til noko og det er eit bra initiativ. Det var vel til og med nokre frå Vestlandet som var der, sjølv om det var mest lokale.

Street-meet er ein stad fleire bilinteresserte samlast på for å vere sosiale, og Jacobsen understrekar at Ignition Crew prøver å vere ein seriøs aktør i miljøet.

– Vi legg veldig vekt på at herjing og børning ikkje er lov. Fordi det er jo ikkje lov.

Dei samarbeider med politiet for at arrangementa deira skal vere lovlege og trygge. Jacobsen merkar at folk likevel kan vere skeptiske. Ho kjenner til korleis andre bilgrupper rundt om i landet held på, og at det kan bli mykje øydelegging.

– Og det øydelegg for alle oss andre som vil gjere det på ein ordentleg måte.

Gruppa har hatt problem med å finne plassar å vere, nettopp på grunn av slik oppførsel, og ho trur bilmiljøet blir sett ned på av mange som ei følgje av det.

– Det er jo ofte det ein ser i aviser, med politiet etter dei, og det er ikkje det vi vil. Vi vil vise at det er noko positivt med det også.

Treng møtestader

Å ha slike gatemøte er også ein konsekvens av at bilinteresserte ofte føler på mangelen på møteplassar.

– Eg skulle eigentleg ønske at det fanst ein spesifikk plass for oss som er bilinteresserte også, i staden for at ein skal halde på å køyre rundt i gatene og i byggefelt, og få alle dei klagene frå folk.

Det å ha ein plass å halde på der det hadde gått an å herja litt og spele høg musikk for dei som vil det, trur ho hadde betra forholdet til folk som er utanfor miljøet.

Draumebilen må vente litt

Om Malin Jacobsen ikkje trong å ta omsyn til noko anna, hadde det blitt fleire bilar i garasjen heime.

Draumebilen er ein Nissan GT-R R34.

– Hadde eg hatt all mogleg pengar, då hadde han blitt kjøpt, seier ho bestemt.

Frå svenske Volvo til japanske Nissan, Malin Jacobsen skulle oppgradert om ho kunne. | Foto: TTTNIS, CC0, via Wikimedia Commons
Dersom Malin Jacobsen skal ha ein sportsbil, blir det ein McLaren. Her med ein McLaren GTS som kostar godt over to millionar kroner. | Pressefoto: McLaren

Og om ho fyrst vinn i lotto kan ho leggje til ein til.

– Det å ha ein skikkeleg sportsbil også. Det hadde vore veldig artig å ha ein McLaren, for det er skikkeleg kule bilar.

Bilinteresse i arv

Fram til telefonen frå Hamar, får Volvoen vere bra nok som familiebil.

– Kva er dei beste bilturane?

– Eg synest eigentleg berre der når du kan køyre langt og ta den tida du vil. Du har med folk som du trivst med. Sette på musikk og ha det koseleg. Så er det ekstra koseleg om det er på kvelden når det er litt mørkt.

Med to bilinteresserte foreldre, er det ikkje overraskande at dottera også plukkar opp litt av entusiasmen.

– Vi har allereie hatt nokre bilturar, og ho er skikkeleg glad i bil allereie, så det passar bra.

– Kvar gong det køyrer forbi bil med litt lyd i seg, då snur ho seg og skal sjå etter, seier Jacobsen.

Det er godt nytt for foreldra.

– Eg trur bilinteressa kjem til å fortsette i familien.