Nesten dobbel pris på FC26 om du ikkje vil vente ei veke
Fredag vart EA Sports FC26 lansert og krev nesten dobbel pris for «Advanced access». Forbrukarrådet ber deg vurdere om du treng det.

Frå natt til fredag 19. september kunne ein spele EA Sports FC26, den nyaste versjonen av det som tidlegare heitte FIFA, sjølv om den «vanlege» lanseringa ikkje er før 26. september.
EA som står bak, er nemleg blant ei rekke spelprodusentar som tilbyr tidleg tilgang til spelet – for ein ekstra sum.
Nesten dobbel pris
Om du kjøper «Advanced Access» for 1199 kroner på Steam eller 1299 kroner på PlayStation Store, får du dimed tilgang tidlegare, i tillegg til premiumpasset for sesong 1 inkludert, 6000 ekstra FC-poeng over to månadar og ein ekstra Player Evolution Slot.
Ventar du til vanleg lansering 26. september, kostar det 799 kroner på Steam og 599 kroner til konsoll hos til dømes Elkjøp, som også gir 10 prosent rabatt til klubbmedlem. Det er dimed nesten halv pris på spelet.
I fjor haust fekk Star Wars Outlaws kritikk då dei også selde «tidleg tilgang» for ein ekstra sum.
Det same gjaldt også Mortal Kombat 1, The Crew: Motorfest, Starfield, Diablo 4, og Space Marine II, som tok ekstra betalt for dei som ville ha spelet nokre dagar i forkant.
Kom ikkje inn
Mange av dei som kjøpte tidleg tilgang kom ikkje inn på spelet dei første timane, og tok til Reddit for å klage og finne ei løysing. Fleire delte ei feilmelding med informasjon om å gå på origin.com for å fikse problemet, men den nettsida finst ikkje lenger. Andre fekk melding om at spelet ikkje var lansert endå, sjølv om dei hadde betalt for tidleg tilgang.
– Eg hatar moderne gaming. For nokre år sidan kunne eg i det minste spele med ein venn eller to og sjekke ut karrieremodus, sjølv om serverane ikkje fungerte. No må du vere online for alt og ingenting funkar, skriv brukaren @Grouchesky.
EA Sports skreiv sjølv om problema på X.

Skjermdump frå EA Sports på X
Forbrukarrådet: Oppmodar til å vurdere om du treng det
Fagsjef i Forbrukarrådet, Thomas Iversen, seier at det i utgangspunktet er fri prissetting både i Noreg og i Europa.
– Noko som betyr at folk sjølv må velje om Advanced Access er verdt det. Så lenge det finst nok folk som kjøper denne typen tidleg tilgang, vil det halde fram å dukke opp før lansering.
Han oppfordrar forbrukarar til å vurdere nøye om dette er noko dei treng, før dei bruker såpass store summar på ei veke tidlegare tilgang.
– Får de klager eller spørsmål om hjelp frå unge eller foreldre når det kjem til FC (tidlegare FIFA)?
– Vi får svært få meldingar frå forbrukarar om dette, men det betyr ikkje at folk ikkje har utfordringar.
Han fortel at dei har jobba mykje med problemstillingar knytt til spel, og at det i FC er særleg lootboksar og dei store summane folk brukar på det som er hovudproblemet.
Lootboksar er såkalla forundringspakkar der du ikkje veit kva du kjøper på førehand.
Pay to play
I spelet er det mogleg å betale for betre spelarar og dimed betre lag. Det gjer at ein får eit konkurransefortrinn om ein har betalt. Det er også mogleg å spele seg opp til å kunne kjøpe spelarar, men det tek lang tid. Dette er såkalla Pay to win, og er eit fenomen som går igjen i mange delar av spelbransjen.
– Ein stor del spelarar ser det som øydeleggande for spelopplevinga, og vi synest det er synd at bransjen held fram å legge opp til det. Men, det er ikkje ulovleg – og så lenge etterspurnaden er der vil det halde fram å eksistere.
Forbrukarrådet har jobba for å mellom anna forby kjøp inni spel og strengare reguleringar for å gjere det tryggare å spele digitale spel.
– Vi vil at alle skal kunne dyrke speling som hobby, og meiner det heller er spelmarknaden som må regulerast enn at forbrukarane sjølv må «skjerpe seg».
Han meiner foreldre bør engasjere seg i spelinga, slik at ein forstår kva dei snakkar om når dei ynskjer å bruke pengar i spel.
– Set grenser for pengebruken når det er nødvendig.