– Eg gjekk inn i denne boka vel vitande om at eg ikkje er Loe sin største fan, men Loe klarte å motbevise fordommane mine, skriv bokmeldar Herman August Søberg.

Herman August Søberg
Publisert

Eg sit igjen i sjokk. Erlend Loe, som eg ikkje eigentleg ville omtalt som ein ungdomsforfattar, har klart å forføre meg. Han er ein kunstnar i verdsklasse, og etter alle bøkene han har gitt ut, held han seg framleis sterk.

Tander mistar kuken på ein tysdag – klask i baderomsgolvet. Tenk det: å miste kjønnet, sånn heilt utan førevarsel. Det er faktisk temmeleg uvanleg å miste tissen sin, og det viser seg at tissen ber på mykje meir enn berre tiss. For ein mann utan pikk er ikkje det same som ein mann med pikk.

Kukene/Kukane

Forfattar: Erlend Loe

Sjanger: Komedie

Sidetal: 127 + 127

Språk: Bokmål/Nynorsk

Utgjeve: September 2025

Forlag: Cappelen Damm

 

Du kan til dømes ikkje gå som vanleg lenger, ete eller snakke som vanleg. Du kan ikkje eingong sjå som vanleg.

«Kva skal ein med utsikt når ein ikkje har kuk?»

Stakkars Tander; han har då ikkje gjort ei fluge fortred. Og han skal miste det edlaste han har. Då må han stille seg ved fleire spørsmål han aldri har måtta tenke over før.

Kva er eigentleg manndom? Kva kjem andre til å seie? Kva må eg gjere for at alt skal bli som det var?

Men det er vel kanskje ikkje så mykje å gjere med ein lauskuk.

Eg lo(e)

Eg gjekk inn i denne boka vel vitande om at eg ikkje er Loe sin største fan.

Eg er vel berre traumatisert av naiv. super. som eg ikkje likte spesielt godt.

Men Loe klarte å motbevise fordommane mine.

Eg loe lo faktisk medan eg las, noko eg vil seie er vanskeleg å få til med ei bok. Ein må faktisk måle eit så absurd eller ironisk bilde i hovudet på lesaren at det til slutt blir morosamt.

Det store problemet som møter det useriøse mennesket, slår jo ikkje feil – iallfall ikkje under Erlend Loe sine auge. Sjølv om den fråverande kuken til Tander bør vere det største av hans problem, er det altså viktigare at gaflane ligg på riktig plass i skuffa.

I tillegg liker eg korleis han har leikt seg med orda og uttrykka for å gjere dei passande til tematikken i boka:

«Men no stod han her, så og seia med kuken i postkassa, og var tvungen til å byrja på nytt. Han måtte finna utanomkukelege gleder.»

To for éin

Som me ser i tittelen er denne boka skriven på både bokmål og nynorsk, noko Loe har eksperimentert med før i romanen Helvete.

Eg trudde at halve boka skulle vere på bokmål og halve på nynorsk, men det er dessverre ikkje slik han har gjort det. For boka kan lesast frå båe vegar, altså får du same historia, berre frå ein annan vinkel og på ei anna målform.

Litt skuff må eg ærleg innrømme, for eg trudde det skulle skje noko spesielt i livet til Tander som gjer at heile boka endrar til nynorsk. Missed opportunity vil eg seie.

Må grave under overflata

Du kan ikkje lese denne boka og forvente å få alt servert på sølvfat.

Viss ein grev i djupna, kan ein tolke romanen slik at han handlar om minoritetsgrupper og fordommane mange har mot dei.

For, kvar gong Tander fortel nokon at kuken hans fall av, får han same responsen kvar gong:

Var han laus frå før?

Var du hardhendt med han?

Etter mi erfaring skriv Erlend Loe ganske bokstaveleg, men det betyr ikkje at det ikkje finst ein bodskap; ein må berre leite litt etter han. I denne boka synest eg det blei for diffust, men alt for sin smak.

Kanskje Tander kunne delt ei kjensle eller to om kva han faktisk føler, og korleis dette påverkar han? Ikkje berre at han må løyse problemet, men at han også må møte sine indre konfliktar.

Anbefalt til alle – med og utan kuk

Eg synest Erlend Loe tar for seg eit veldig interessant og friskt tema. Skrivestilen hans er òg spennande, og her er det jo også tatt kunstnariske val ved å bruke båe målformene. Eg liker dette konseptet veldig godt, og liker at Loe utfordrar korleis ein roman skal bli skriven.

Viss du er lei av dei vanlege og menneskelege tankegangane, er dette ei perfekt bok for deg.

Han passar spesielt bra dei som treng ein god latter!