Høgare valdeltaking blant første- og andregongsveljarane
Det har vore ein markant auke i valoppslutninga blant første- og andregongsveljarane i år. 77,3 prosent av 18-19-åringane stemte ved årets val.

Stortingsvalet 2025 hadde ei valoppslutning på 78,9 prosent, noko som er høgaste valdeltaking på 36 år.
Valoppslutninga blant dei yngste er lågare enn dei eldre. Tal Framtida.no har fått frå Valdirektoratet viser at fleire første- og andregongsveljarar fann vegen til valurnene i år.
Heile 77,3 prosent av 18-19-åringane stemte ved årets val, noko som er tett bak resten av befolkninga. Det er nesten 5 prosentpoeng høgare enn ved førre stortingsval i 2021.
Blant veljarane i alderen 20-24-år var auken enda høgare.
Ved årets stortingsval stemte 75,2 prosent i denne aldersgruppa, noko som er nesten 10 prosentpoeng høgare enn i 2021.
Valdeltaking blant 18–19 og 20-24-åringar:
Til samanlikning stemte 78 prosent av 18-19-åringane og 77 prosent av 20-24-åringane i rekordåret 1989.

Jakob Øvensen Aanderaa er leiar i LNU.
LNU: – Unge har gjort eit godt val
– Dei unge har gjort eit godt val med mange unge representantar på tinget, seier styreleiar i LNU, Jakob Øvensen Aanderaa.
Han gler seg over den høge oppslutninga blant dei yngste veljarane.
– Ein tenkjer gjerne at unge er ei heilt spesiell gruppe, men unge er som andre grupper, når ein ser uro i verda vert det kanskje viktigare å delta i demokratiet og bidra til ei trygg framtid.
Han trur den høge deltakinga blant dei unge skuldast at det har vore eit jamt val, som vert opplevd viktig. Han trur saker som Gaza, utdanning og moglegheiter til å koma seg inn på bustadmarknaden har vore viktige for dei unge.
– Så har dei klart å få unge interessert i formuesskatt.
Jamt val
Aanderaa viser til at det i Aust-Agder var 42 stemmer som sikra Høgre eitt mandat i Aust-Agder.
– Det viser at kvar stemme tel, og dei unge si stemme tel, understrekar han.
Aanderaa peikar vidare på at ungdomspartileiarane har vore synlege i media, på viktige debattflater som Dagsnytt18 og Politisk Kvarter og gjennom NRK si sending av ungdomspartileiardebatten.
– Så har partia blitt betre på å nå dei unge i sosiale medium og der dei er, understrekar LNU-leiren.