Yrket mitt:
Markus (37) har ei søt bi-inntekt
Markus Lohne Hustad er birøktar ved sida av kontorjobben.

– I 2018 fekk eg birøktarkurs i 30-årsgåve, og eg har hatt det som hobby sidan det. Eg har likt det så godt at eg har brukt dei siste åra på å utvide, og eg har no birøkt som bi-inntekt, skriv Markus Lohne Hustad på e-post til Framtida.
Han jobbar i dag om lag 20 prosent med birøkt, ved sida av kontorjobben som rådgivar for berekraftig mat i Framtiden i våre hender.
– Det beste er å jobbe praktisk med biene. Det er fantastisk å vere så tett på naturen og følge med på svingingane i vêret og korleis det påverkar biene, skriv han.
Nye utfordringar
Hustad er oppteken av berekraftig jordbruk og matproduksjon og ønsker å jobbe med naturen. Den teoretiske opplæringa i birøkt var nyttig, men det viktigaste er erfaringa han har gjort seg opp over tid.
Markus Lohne Hustad
Alder: 37
Frå: Hønefoss
Yrke: Birøktar/Rådgivar i Fremtiden i våre hender
Utdanning: Internasjonale miljø- og utviklingsstudium, årsstudium i økologisk jordbruk, birøkt introduksjonskurs og sertifiseringskurs
– Birøkt er praktiske og varierte arbeidsdagar, som eg set pris på i kontrast til kontorjobben eg også har. Og så elskar eg både honningbier og honning!
– Svarte jobben til forventingane?
– Absolutt! Kvar sesong er forskjellig, og det er heile tida nye utfordringar å sette seg inn i.
Omgang med folk og bier
I birøkt vert ein gjerne råda til å starte smått og doble talet bikubar kvart år, så ein ikkje tar seg vatn over hovudet med det første.
Hustad har no tre bigardar, og han sel også honning sjølv.
Dei arbeidsdagane han er i bigardane, startar med planlegging og å ta på seg utstyr.
– Når eg kjem fram, går eg gjennom bikubane ved å ta av taket og løfte opp rammene som biene lever på, inne i kuben. Her ser eg etter om biene har det bra, og om dei treng mat, meir plass eller noko anna. Det gjer eg åleine.
– Andre dagar planlegg eg sal av honning, kanskje frå ei salsbu, eller reiser rundt til dei som vil kjøpe honning. Då vert det ofte mykje snakk om honningbier og birøkta. Denne delen av jobben er ganske sosial, fortel han.
Når biene stikk (av)
– Kva er det mest utrulege som har skjedd deg på jobb?
– Noko av det mest morosame som kan skje, er om biene svermar (stikk av!), og dei set seg på ei grein i nærleiken. Då kan ein hente inn biene igjen, og dei vil vere veldig dovne og forsiktige og enkle å ha med å gjere. Det er ei skikkeleg spesiell oppleving.
– Vert du ofte stukke av biene?
– Det varierer veldig, så det er vanskeleg å seie, men kanskje kvar månad? Stikk kjem som regel av at eg opnar kubane på feil tidspunkt, eller gjer feil som å vere for brå, dunke ei ramme inntil ein kube eller liknande.
Uføreseielege dagar
Hustad synest det er kjekt å snakke med folk som er interesserte i yrket, men som ikkje kan så mykje om det.
– Det er generelt lite kunnskap om skilnadane mellom humler, bier og honningbier, og korleis biene lagar honning. Det er mange som trur at honning blir behandla mykje, noko den norske honningen generelt ikkje blir.
Det mest utfordrande med jobben, er det same som det beste: praktisk oppfølging av biene og svingingar i vêret.
– Om vêret er uføreseieleg, med lengre periodar med tørke eller regn, er det vanskeleg for biene, og det kan krevje uføresett arbeid og tilpassingar.
Draumen hans er å halde fram med å utvide birøkten dei neste åra.
– Eg vil få meg fleire bier og bigardar, slik at framtida er full av summing og honning.
– Test det ut!
Hustad trur veldig mange kan trivast i yrket. Ein er sjølvstendig næringsdrivande og kan styre mykje av dagane sjølv. Det er mykje arbeid ute, og ein er tett på naturen. Samstundes er det behov for planlegging framfor skjermen, noko som gjer arbeidsdagen variert.
– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?
– Søk opp ditt lokale birøktarlag og spør om du kan få vere med ein birøktar på jobb! Eg trur det er vanskeleg å forstå yrket om ein ikkje er med og ser kva jobben dreiar seg om. Og så trur eg at ein kan falle for yrket, og biene, om ein blir med på arbeidet med dei, skriv han.