«Slalåm for klima? Ikkje denne gongen, Støre!»
Året er 2029 og klimapolitikken går på skjener fordi klimakoalisjonen i tuttifrutti-samarbeidet på Stortinget fekk bremsa oljeutvinninga, skriv Evar Kristoffer Olaussen (22) og Sofie Blystad (21).
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Jonas Gahr Støre blir endå ein gong statsminister. Denne gongen kan han ikkje køyre slalåm med Høgre i alle politiske saker like lett som før – takka vere klimapartia MDG, SV og Raudt.
Dette gir ei gyllen moglegheit for å snu retninga i klimapolitikken.
Men kva skal til for å kunne seie at det blir ein suksess for klima og natur i valet 2025?
Raud Ungdom ønskjer ei mykje meir fornuftig dreiing i miljøpolitikken, og med dette valresultatet kan vi få det til.
Ei framtid på skjener
Året er 2029 og klimapolitikken går på skjener fordi klimakoalisjonen i tuttifrutti-samarbeidet på Stortinget fekk bremsa oljeutvinninga.
Dette kjem til å vere overskrifta om Raudt får innverknaden vi ønskjer oss.
Olja er destruktiv for menneskeliv same kor «reint» ho blir produsert, og ved hjelp av dei andre klimapartia vil Raudt samarbeide om ein plan om korleis oljenæringa kan bli fasa ut til fordel for andre industriar som ikkje har den same øydeleggjande effekten. Ein konkret plan kan endre måten vi diskuterer tema på og kan gjere det mogleg å sjå for seg eit velståande Noreg utan olja.
Noreg er nøydde til å bruke musklane til staten til å subsidiere grøn industri, fornybar energi og økologiske tiltak – utan at det går utover urbefolkning og naturen. Raudt ønskjer ei rettferdig omstilling der vi kan ta i bruk verkemiddel som investeringsfond, kraftkontaktar, støtte til teknologiutvikling og offentlege prosjekt som kan skape arbeidsplassar.
Naturen må setje rammene
Oppgradering av vasskraftverk og pilotprosjekt innan fornybar energi kan utnytte den enorme kompetansen oljearbeidarane sit på. Vi kan lage eit investeringsfond av delar av oljefondet som kan sikre verdiskaping for framtidige generasjonar og for viktige investeringar i naturvennleg infrastruktur for å kutte utslepp.
Tolegrensene til naturen må setje rammene for oss menneske. Derfor meiner vi at ein tuttifrutti-koalisjon burde utvide naturmangfaldlova til å gjelde heile Noregs økonomiske sone og at vi skal lage ein verneplan for å sikre minst 30 prosent av dei maritime økosystema innanfor denne sona innan 2030.
For å sikre det økologiske mangfaldet er vi også nøydde til å verne minst 10 prosent av den produktive skogen, stanse gruvearbeid på havbotnen og at flatehogst skal forbydast.
Investeringar
Sist, men ikkje minst, så må vi fjerne alle investeringane i oljefondet vekk frå Israel. Den minst naturvennlege handlinga som eksisterer, er krig, og folkemordet på den palestinske befolkninga kan vi ikkje ta del i.
Klimakrisa er forårsaka av mange av dei same problemstillingane som har ført til det pågåande folkemordet, og ressursane i oljefondet bør flyttast vekk frå klimamord og brotsverk mot menneskeslekta og heller mot tiltak som kan føre fram eit nytt samfunn som ikkje trugar eksistensen av menneskeslekta. Opprusting til krig stemmer heller ikkje overeins med ei leveleg framtid.
Raud Ungdom håpar at MDG og SV kan bli samd med vurderingane som er skildra i dette lesarinnlegget og at den neste regjeringa blir historias mest klimavennlege om desse krava blir møtte.