Leik, dramatikk og forstyrrande alvor om kvarandre. Eg gler meg allereie til neste bok i krimserien om syskenparet Ryer.  

Hanna Marie Haug
Publisert

Forfattar Martin Baldysz har gjort noko gøy. I fyrste bok i ein ny krimserie følgjer vi syskenparet Johan og Sonja Ryer som skal løyse ei drapssak i ei bygd på Sunnmøre. På fem hundre sider. Ein skulle tru det var meir enn nok, men eg las med iver til siste side. Eg vil vere med på leiken.

Ei ung, vakker jente har blitt drepen på makabert vis. I bygda på om lag hundre menneske er alle knytte saman. Som om dei har leikt knutemor i nokre tiår, og no skal nokon utanfrå nøste opp i kva som skjer.

Stille grender

Forfattar: Martin Baldysz

Forlag: Det Norske Samlaget

Utgjeve: September 2025

Sider: 475

Sjanger: Krimroman

Noko teikneserieaktig

Historia er ikkje veldig realistisk. Så nær ein kjem det overnaturlege utan å vere det. Karakterane har alle noko teikneserieaktig over seg. Dei er nesten litt komiske, og det gjer dei lettare å hugse – noko som er nødvendig med eit så rikt persongalleri. Kvar rolle har ein knagg, om det er Overlege Strinden, Lensmann Bjørgum eller Doktor Maardal.

Også Sonja og Johan får særprega roller i hovudet mitt. Dessutan er dei urealistisk uansvarlege til å vere midt i tjueåra. Eg meiner: kva slags etterforskarar er det som ligg med vitnet, eller drikk seg sørpe full under avhøyr? Useriøst, men spennande og underhaldande. Nett slik eg trudde etterforskarar levde då eg var yngre.

Eg skjønar ikkje heilt kvifor boka heiter Stille grender, men eg skjønar kvifor Baldysz skriv.

Det biletrike språket er med på å setje dette barnlege, men fine preget på boka. Dyr går igjen, både i metaforar og som tema: «som ein ål laus i ei bøtte» eller «som ein fugleleik». Det same gjer naturen. Baldysz beskriv godt og presist, og ein gløymer ikkje at det er haust.

Forstyrrande element

Samstundes har dette leikne ein brodd. Boka er innom mange tunge tema, som overgrep, rusavhengnad, utruskap og vald. Både Johan og Sonja har personlege motiv for kvifor dei hamna i den ukjende bygda som etterforskarar. Men kvar gong vi får eit innblikk i dette, kjem det brått på. Som om forfattaren har skrive heile boka, og så kjem på at vi må vite noko om desse hovudpersonane – som han legg inn i avsnitt her og der. Det er ikkje det at eg saknar alvoret. Desse innslaga blir nesten forstyrrande når eg er så oppteken av å løyse krimgåta.

Eit anna, nesten forstyrrande element er tidsforskyvinga. Handlinga er lagt til tidleg 1900-tal, og undervegs blir eg stadig overraska når eg kjem på at vi ikkje er i notida. Eg skulle ha likt å spørje forfattaren om han gjer det mest for å sleppe å ta stilling til all teknologi som hadde vore naturleg for etterforskarar å bruke i dag. Eg hadde forstått det.

Søv lite

Baldysz er ein dyktig dramaturg, og han veit å byggje opp spenninga på dei rette stadene. Eg såg etter teikn og ville finne løysinga. Eg innbilte meg at eg kunne finne ho før dei. Det er mykje handling, mykje rørsle og mange spor. Dei sit ikkje lenge i ro, og dei søv lite òg. Vi får ikkje innblikk i lange tankerekker, og det står ikkje så mykje mellom linjene heller. Men eg las fort.

Eg er nøgd med at Martin Baldysz held seg i bygdene. Tett på naturen der det er både lang og kort avstand mellom menneska. Eg var oppriktig spent på korleis det skulle ende, og gler meg oppriktig til neste bok om etterforskarane Ryer.