Avkler maktpolitikarane på scena: – Vanskelegare å lyge med kroppsspråket
Kompaniet Sprengt teater vil utforske kroppsspråket til maktpersonar i stykket M.A.K.T.-utvalget.

I kjellaren på baren Jæger, to steinkast ifrå Stortinget i Oslo, går to skodespelarar lydlaust rundt på golvet. Dei seier knapt eit ord, berre eit «jaja» her og eit «ne-ei» der. Elles har teaterstykket ingen replikkar. I staden lét dei kroppsspråket stå for snakkinga. Dei speglar og utfordrar kvarandre, hermar og plagar kvarandre.
Stykket M.A.K.T.-utvalget dreier seg om nettopp maktkamp mellom dei to rollene.
Stykket er sett opp av teaterkompaniet Sprengt teater, og har premiere 6. september.
Sindre Slorafoss, som er regissør saman med Joakim Nesvik, seier til Framtida at dei framleis leiter etter nøyaktig kva dei ønsker å oppnå med stykket.
– Men vi vil at publikum skal sitte att med kjensla av at dei har påverknadskraft. Dei kan innverke på makta i møte med henne. I dagens samfunn er det lett å kjenne seg makteslaus når du ser alt det sjukt sprøe som skjer i verda.
Teaterkompaniet håpar at stykket kan ruste publikum til å sjå gjennom kroppsspråk og legge merke til hersketeknikkar som vert utøvde av maktpersonar.
– Viss du har møtt på desse strategiane i trygge rammer, på teateret, der vi leiker og lèt som, kan det vere litt mindre forstyrrande å møte på det i det verkelege livet, seier produsent Fride Snipsøyr Holøs.
Dresskledde, mystiske menneske
Kompaniet har brukt mykje tid på å studere kroppsspråket til maktpersonar. Dei har vore på Stortinget, på tinghuset, sett på debattar og talar, og dei har besøkt The Hub i lunsjtid.
– Det er ikkje mange dresskledde maktprofilar i liva våre til vanleg. Vi måtte oppsøke dei for å sjå korleis dei beveger seg frå stad til stad, på veg inn og ut av møte, seier Sofie Sleipnes, som er blant idéskaparane bak stykket, i tillegg til å vere skodespelar.
– Det er spennande med desse dresskledde, mystiske menneska som ikkje er i liva våre, men likevel har så enormt mykje å seie for liva våre, og makt over liva våre, seier Fride Snipsøyr Holøs, og held fram:
– Kven er dei? I dette stykket føler eg at vi kjem litt nærare på dei. Vi avkler dei subtile strategiane som ligg i kroppsspråket.
Sleipnes understrekar at vi kommuniserer mykje gjennom kroppsspråket.
– Det er også mykje lettare å lyge med ord enn med kroppsspråket. Og vi pratar så sinnssjukt mykje; i debattane er det nesten umogleg å skjøne kva politikarane seier, for det er så mange ord! Så kva skjer når vi tar vekk det største grepet dei har? seier ho.
– Overkøyrer kvarandre
To veker før valet vart dramalina på Ski vidaregåande skule invitert til ei prøveframsyning av stykket.
Elevane Haakon Johannes Kjølberg Hauge (18), Sigrid Svendsen Kvam (18) og Cleopatra Kongsberg (18) synest stykket var tankevekkande.
– Det fekk meg til å tenke på det moderne debattklimaet. Vi er eigentleg ikkje så forskjellige, men vi brukar ting mot kvarandre som kan snuast på hovudet heile tida, seier Hauge.
– Dei fekk fram det vi kan sjå i debattar: Politikarane kan vere vener bak scena, men med ein gong dei er framfor kameraet, byrjar dei å prøve å overkøyre kvarandre og få mest status, seier Kongsberg.
Irriterande debattar
Dei tre elevane skal alle røyste for første gong i år. Dei trur dei kjem til å sjå politiske debattar med eit nytt blikk etter å ha sett framsyninga.
– Når eg har sett debattar, har eg merka meg at politikarane berre angrip kvarandre. Dei snakkar ikkje om sine eigne kjernesaker, men seier «ikkje høyr på dei andre, for dei er dårlege». Det var deilig å sjå det bli markert her. Det irriterer meg alltid, seier Kvam.
Kongsberg er einig:
– Eg kjem nok til å kjenne igjen dette kroppsspråket på TV. Politikarar kan vere veldig passiv-aggressive i debattar. Det kjente eg veldig godt igjen.
Hauge fortel at han også kunne kjenne igjen sin eigen oppførsel på scena.
– Eg kan nok òg gå i den fella, når du veit kva du sjølv meiner, og føler at du har skjøna noko andre ikkje har skjøna. Då føler du at du ikkje treng å lytte til andre. Det kan vere farleg. Det er kult å kunne sjå det på scena, og så vende spegelen mot deg sjølv og tenke: Kanskje eg er skuldig i akkurat det same? seier han, og legg til:
– Det har vorte så veldig konkurranse i politikken. Det får meg til å tenke på korleis samfunnet hadde vore om vi ikkje fokuserte på konkurranse mellom dei og oss, men heller korleis vi kan fungere saman.
Viktig ytringsrom
Kompaniet er ikkje tvil om at teateret er ein viktig arena for å drøfte tema som politikk og makt.
– Det er dritviktig! Fordi det er eit rom for ytring. Ein møtestad for fleire samfunnslag. Ein kjem seg ut av ekkokammeret og må forhalde seg til ei historie i ei viss tid; du kan ikkje berre skrolle bort. Du må investere emosjonelt i det som skjer. Teater er ei form for øving i empati, seier produsent Holøs.
Ho påpeiker at kunsten er noko av det første som vert knebla i totalitære regime.
– Det seier noko om makta som ligg i kunst og den type møte og historieforteljing.
Sleipnes legg også vekt på tydinga av å stimulere andre til å ytre seg.
– Mange unge er redde for å seie det dei meiner høgt, i frykt for å seie noko gale. Kanskje kan stykket vårt vere starten på ei samtale for dei. Kanskje kan det få dei til å tenke nytt, og tore å snakke om den debatten dei såg på tv. Vi kan vere ein referanse for dei, seier ho.