Politikk og samfunn

«Det er første fase av eit folkemord i sanntid»

Ein kan fordømma så mykje ein berre vil, men det må faktisk handling til òg, skriv Maria Louise Hundeide Godoy i Norsk Folkehjelp Solidarietsungdom.

Maria Louise Hundeide Godoy (22)
Leiar i Norsk Folkehjelp Solidarietsungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Onsdag denne veka kunne me lesa på NRK at Israel har sett i gang ein bakkeoperasjon i Gaza by, omtalt som den første fasen av eit planlagt angrep. Samtidig vart det meldt at 60 000 reservistar er kalla inn, og at tusenvis av soldatar står klare til å rykkja inn i eit område der det ikkje finst nokon trygg stad igjen.

Første fase av å utsletta Gaza

Men heilt ærleg, no må me vakna opp og kalla ting ved deira rette namn: Dette er ikkje berre første fase av ein militæroperasjon – dette er første fase av å utsletta Gaza.

Det er første fase av å knusa ei befolkning som allereie er pressa til brestepunktet etter mange år med okkupasjon. Verda snakkar om første fase, ja det er første fase av eit folkemord i sanntid.

Kva betyr det i praksis?

At barn blir skotne medan dei står i kø for mat, fordi matlagera er tomme og folk må ta sjansen på å stilla seg opp i gatene under bomberegn.

At familiar som allereie svelt, no skal møta tanks i gatene, utan moglegheit til å flykta nokon stad.

At sjukehus, som knapt har straum eller medisinar igjen, blir bomba og laten etter seg i ruinar, medan pasientar og legar blir liggjande under samanrasa bygg.

Ikkje sjølvforsvar

Det finst ikkje nokon stad i Gaza som kan kallast trygg. Og når ein fullskala bakkeoperasjon blir sett i gang, då kan det ikkje lenger vera mogleg å halda kjeft.

Dette er ikkje ein krig mellom to partar. Dette er ikkje sjølvforsvar. Dette er etnisk reinsing.

quote-left

Dette er folkemord framfor auga til heile verda

quote-right

Dette er folkemord framfor auga til heile verda.

Og kva gjer me? Ikkje nok. Det er sjølvsagt bra at utanriksminister Espen Barth Eide fordømde Israels forsøk på å ta kontroll over Gaza by. Han beskreiv det som ei opptrapping av ein allereie katastrofal krig, som bryt med grunnleggjande prinsipp i folkeretten.

Må faktisk handling til

Men kva gjer me no? Altså ein kan fordømma så mykje ein berre vil, men det må faktisk handling til òg.

Noreg gjer ingenting som kostar, ingenting som verkeleg rammar Israel. Dermed meiner eg me også sender ein tydeleg bodskap: «hald fram, me stoppar dykk ikkje». Når skal politikarane skjøna at når ein ikkje set makt bak orda, då mistar orda all verdi. Bekymring reddar ingen liv. Det er handling som tel, og Noreg har høve til å handla. Likevel lèt me vera.

quote-left

Boikott hjelper. Historia viser det.

quote-right

Under partileiardebatten 19. august, var fleire av partileiarane samde om at ein full boikott av Israel «ikkje vil hjelpa». Men det er feil. Boikott hjelper. Historia viser det.

Det var boikott, sanksjonar og press som fjerna apartheidregimet i Sør-Afrika.

Det var internasjonal isolasjon, ikkje roleg dialog, som gjorde slutt på systematisk undertrykking. Når me no avviser boikott, vel me å vera ein del av problemet i staden for løysinga. Boikott verkar nettopp fordi økonomi og makt heng saman. Israel fryktar ikkje ord, dei fryktar konsekvensar. GI ISRAEL KONSEKVENSAR, om ikkje døyr Palestina.

Investerer gjennom Oljefondet

Samtidig som om ein boikott tydelegvis ikkje hjelper, så investerer Noreg likevel, gjennom Oljefondet, i selskap som tener på krigen.

Ja, greitt nok at fondet har trekt seg ut av nokre få selskap, men nokon betyr framleis ikkje alle.

Me har framleis blod på hendene. Kvar krone me plasserer i Israel er ei krone investert i øydelegginga av Gaza.

quote-left

Kva slags sparepengar er det om dei er dynka i blod?

quote-right

Me likar å kalla Oljefondet «folkets sparepengar», men kva slags sparepengar er det om dei er dynka i blod? Norske sparepengar finansierer bombene som fell over barn. Norske sparepengar er med på å riva sjukehus ned til grunnen. Norske sparepengar byggjer muren som sperrar palestinarane inne. Derfor er det ikkje nok å berre ta ut litt. Me må ut av alt. Me kan ikkje leva med blod på hendene.

Norsk politikk er utanrikspolitikk

Eg får ofte spørsmål om kvifor eg er så oppteken av Palestina.

«Maria, det er valår, er det ikkje naturleg at du då tenkjer på politikken her heime i Noreg?». Då svarer eg alltid at: «norsk politikk er også utanrikspolitikk».

Fordi det handlar ikkje berre om politikk langt borte. Det handlar om kven me er som eit samfunn.

I 1948 vedtok me Verdserklæringa om menneskerettar. Første artikkel slår fast: «Alle menneske er fødde frie og med same menneskeverd og menneskerettar.»

Aldri meir, sa ein den gongen. Aldri meir folkemord. Aldri meir ei verd som ser på i stille. Men i dag er det nettopp det som skjer.

For kva er menneskerettserklæringa verd, om me ikkje kan seia og handla, som om palestinske liv er verdt akkurat like mykje som våre? Når me lèt erklæringa bli liggjande som eit papirark gøymt nedi ei skuffe, då undergrev me heile fundamentet som den «frie verda» byggjer på.

Ikkje «komplisert»

Eg syntest også det er veldig rart når folk seier til meg at dette er ein veldig komplisert situasjon. Eg meiner heilt tydeleg at dette ikkje er komplisert. Det er gale å bomba barn. Det er gale å svelta ei heil befolkning. Det er gale å bruka blokadar som våpen. Og det er gale å halda fram som før, som om Noreg ikkje har noko ansvar. Å seia at dette er «komplisert» er ein måte å unnskylda passivitet på. Det er ikkje komplisert: det er uakseptabelt. Punktum.

Det er stortingsval. Og då vil eg oppmoda alle som skal stemma i år må spørja seg sjølv: Vil me halda fram med å stemma på parti som nøyer seg med å vera «bekymra» medan Gaza blir utsletta? Vil me halda fram med å akseptera at Noreg tener pengar på folkemord? Eller vil me stemma for eit Noreg som faktisk handlar, som set menneskerettar over økonomiske interesser?

Stemmer du på eit parti som nektar boikott, stemmer du for at Noreg framleis skal ha blod på hendene.

Når du skal stemma no til hausten, stem for Palestina. Stem for rettferd. Stem for liv.

Me krev full boikott

Me i Solidaritetsungdommen krev at Noreg trekkjer seg ut av alle selskap som tener på folkemordet.

Me krev reelle sanksjonar. Me krev full boikott. Me krev at Noreg tek side med det palestinske folket. For om me verkeleg meiner at alle menneske har same verdi, då må me også handla som om det er sant.

Dette er ikkje berre første fase av ein militæroperasjon. Dette er første fase av å jamna Gaza med jorda. No må me handla!

Fritt Palestina. Boikott Israel. No.