UP-sjef vil nekte 16-åringar å køyre lett motorsykkel

UP-sjef Knut Smedsrud vil heve aldersgrensa for førarkort på lett motorsykkel frå 16 til 18 år. Han meiner det er for farleg for 16-åringar å køyre lett motorsykkel.

NPK-NTB
Publisert

Tal frå dei siste åtte åra viser at 20 unge førarar har mista livet og at over 1500 har vorte skadde i ulykker med lett motorsykkel. Berre dei siste fem åra har det vore nær 1100 slike ulykker.

UP-sjefen seier lett motorsykkel er det farlegaste køyretøyet i trafikken.

– Det er 60 gonger farlegare å køyre lett MC enn bil, og seks gonger farlegare enn moped. Den høge farten er årsaka til mange av dødsfalla, seier Smedsrud til NRK.

Guro Ranes, direktør for trafikktryggleik i Statens vegvesen, deler bekymringa.

– Desse unge førarane har for lite erfaring og risikoforståing. Det er til dømes ikkje like lett å handtere grus i vegbana når ein er uerfaren, som når ein har fleire års erfaring.

Men forslaget møter motstand hos Norsk Motorcykkel Union.

– Ungdom vil finne andre måtar å køyre på. Trimme mopedar, firehjulingar og køyre meir traktor. Det går ikkje bussar i distrikta, seier Jan Line i NMCU Rogaland.