Tøffare krav til toppkarakter

Før fekk fleirtalet av NHH-studentane toppkarakterar. No skal det bli slutt på det.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det har gått inflasjon i gode karakterar ved Norges Handelshøgskole. Dei siste åra har kring halvparten av studentane fått toppkarakteren A på masteroppgåva si.

Høgskulen innfører noe in ny standard, som krev at studentane må skilja seg sterkt ut for å få A på masteroppgåva.

Dei nye karakterkrava er utarbeida av Nasjonalt råd for økonomisk-administrativ utdanning.

LES OGSÅ: Søkarboom for NHH

– Krava til ein A blir skjerpa og klargjort. Toppkarakteren krev no at oppgåva kan skildrast som svært god og framragande. Dette trur me vil innebera at delen som får A går ned, seier NHH-rektor Frøystein Gjesdal til bt.no.

Viss meir enn kvar tredje student får A, kan høgskulen vurdera masteroppgåvene på nytt, og om nødvendig gi lågare karakterar.

Les siste nytt om høgare utdanning her!