Litauen skal læra barn å byggja dronar som beredskap
Myndigheitene vil læra barn heilt ned i 8-årsalderen korleis byggja og fly dronar.

Tysdag denne veka annonserte myndigheitene i Litauen at forsvaret og skulen går saman for å læra 22 000 litauarar opp i å byggja og fly dronar, melder The Guardian og fleire andre internasjonale medium.
Initiativet skal utvida den sivile beredskapen med tanke på Russland.
Ungdommar byggjer dronar i Russland
Det baltiske landet Litauen har tidlegare vore okkupert av Sovjetunionen, og har i dag eit anstrengt forhold til Russland.
I sommar har det vore to tilfelle der ein mistenkjer at russiske dronar har kome inn i Litauen via Belarus.
Russland har allereie teke i bruk unge krefter med teknologiinteresse i krigføringa si mot Ukraina, ifølgje den russiske nyheitsnettstaden Insider, som har base i Latvia.
Leia av skyttarforbundet
I Litauen satsar dei no stort på droneteknologi og vil bruka nærare 40 millionar norske kroner på droneutstyr og system. Allereie i september opnar kontrollsenter i tre litauiske byar, medan seks fleire treningssenter skal opna dei neste tre åra. Planen er å auka den tekniske kompetansen og at 15 000 vaksne og 7000 barn skal få droneopplæring innan 2028.
Treninga av dei yngste skal gjennomførast utanom ordinær undervisning av Litauens skyttarforbund.
– Dei yngste deltakarane vil gjennomføra enkel dronebygging og -manøvrering gjennom leik og eksperiment. Ungdomsskuleelevar vil læra grunnleggjande programmering saman med innandørs dronemanøvrering og -bygging, medan vidaregåandeelevar vil designa tredimensjonale dronedelar og konstruera FPV-dronar, seier Tomas Godliauskas, viseminister for forsvarsdepartementet i Litauen.