Er det lurt å stemme taktisk? Og kva er eigentleg sperregrensa?

Det er absolutt innafor å stemme taktisk, meiner ein valekspert frå UiB, men det er nokre ting å tenke over først.

Åshild Slåen
Publisert

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord.

– Vil du ha ei raudgrøn regjering etter valet er det beste du kan gjere å stemme MDG.

Det var bodskapen til stortingsrepresentant Rasmus Hansson i ein video på Miljøpartiet Dei Grøne sin offisielle TikTok-kanal førre veke.

Argumentet er at MDG vil sikre raudgrønt fleirtal på Stortinget dersom dei kjem over sperregrensa i det komande valet.

SV har gått hardt ut mot dette argumentet,

– Ei stemme på MDG har vore bortkasta før og blir det mest sannsynleg att, skreiv partileiar Kirsti Bergstø i ein video ho la ut måndag.

På borgarleg side har KrF fått to millionar i finansiering frå næringslivstoppar, blant anna fordi det er viktig å få partiet over sperregrensa for dei som ønsker regjeringsskifte.

I ein valkamp vil alle parti sjølvsagt seie at det er lurt å stemme på dei, men korleis fungerer dette eigentleg? Og er det rett at ein bør stemme taktisk på eit mindre parti, dersom ein vil ha eit visst utfall?

Kva er sperregrensa?

Argumentet baserer seg på to omgrep som heng saman i stortingsvalet: Sperregrensa og utjamningsmandat.

I Noreg har vi 169 representantar på Stortinget, og 150 av desse blir valde direkte frå dei forskjellige geografiske distrikta.

I tillegg har vi 19 utjamningsmandat. Desse blir fordelt til dei partia som får over 4 prosent av stemmene på landsbasis.

Det er 150 direkte mandat til Stortinget, og 19 utjamningsmandat. Til saman blir det 169 representantar i nasjonalforsamlinga vår. Illustrasjon av Framtida.no laga med parliamentdiagram.toolforge.org

– Sperregrensa skal sikre at det ikkje blir for mange parti i Stortinget som gjer det umogleg eller veldig vanskeleg å forme ei regjering, dette kallar vi for «fragmentering».

Det skriv Jana Birke Belcher, valforskar ved Universitetet i Bergen.

Slik fungerer det i praksis:

Ved førre val hamna KrF (3,8 prosent), MDG (3,9 prosent) og Pasientfokus (0,2 prosent) under sperregrensa, og fekk difor ingen utjamningsmandat:

Desse partia fekk berre direktemandat frå dei geografiske områda der dei fekk fleirtalet av stemmene, med tre representantar til MDG og tre representantar til KrF.

Pasientfokus kjem godt ut med eitt mandat, trass i å berre ha 0,2 prosent oppslutning, eller 4950 stemmer, fordi desse var konsentrert i eitt valdistrikt, Finnmark, der dei fekk 12,7 prosent av stemmene. Det sikra dei eit direktemandat, sjølv om dei fekk mindre oppslutning enn fleire andre småparti som ikkje kom inn på Stortinget.

Mange fleire mandat over sperregrensa

– Når vi snakkar om det å stemme taktisk med omsyn til desse ordningane, så er tanken at ein kan gi stemma si til eit parti som ligg nært sperregrensa, skriv Belcher.

– Sjølv om dei ikkje vinn eit sete i sitt eige valdistrikt, tel stemma på landsbasis og kan vere med i å heve partiet over sperregrensa.

Raudt kom seg over sperregrensa i 2021, og gjekk opp frå éin representant og 2,4 prosent oppslutning i 2017, til åtte representantar, med 4,7 prosent oppslutning. Ei nesten dobling i oppslutning gav altså åtte gongar meir representasjon.

Om ein stemmer taktisk, går ein altså ikkje berre etter kva parti ein er mest einig i, men kvar ein kan få mest ut av stemma si.

Portrett av kvinne med kort mørkeblondt hår og pannelugg.
Jana Birke Belschner er forskar ved Institutt for sammanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. | Foto: Universitetet i Bergen

– Dette er absolutt innafor. Spesielt når det er fleire parti som ligg ganske nært kvarandre i dei sakene som ein synest er viktige, kan ein prøve seg på det, skriv Belcher.

Ei stemme er uansett ikkje bortkasta

Men tyder det at ein ikkje bør stemme på større parti som allereie er sikra mandat? Eller at stemmer på mindre parti som ikkje kjem over sperregrensa, er bortkasta?

Svaret på det er eit tydeleg nei, ifølgje valforskaren.

– Stemmeoppgjeret påverkar også statleg finansiering som parti får, og dermed parti si evne til å fortsetje med sine politiske aktivitetar, inkludert på regions- og kommunenivå, sjølv om dei hamnar under sperregrensa denne gongen.

Med større parti er totale stemmer spesielt viktig i regjeringsforhandlingar.

– Det er også viktig å hugse at oppgjeret av dei enkelte partia påverkar korleis mandat og for eksempel statsrådar blir fordelt mellom partia internt i regjeringa.

Ho minner også på at det er lurt å sjekke målingar i ditt eige valdistrikt, i tilfelle partiet du vurderer er nærme å kapre eit direktemandat, uavhengig av sperregrensa.