Høie vil redusere ventetida med fritt behandlingsval

Fredag la helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) fram reforma som skal sikre pasientar fritt behandlingsval.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil redusera ventetida

Føremålet med reforma er å redusere ventetida, auke valfridomen og stimulere dei offentlege sjukehusa til å bli meir effektive, ifølgje regjeringa.

LES OGSÅ: Høie: 200 millionar til skulehelsetenesta

– Dette er ein dag eg har gledd meg til lenge. Dette er ei svært viktig reform for pasientane Høgre og Framstegspartiet har kjempa for lenge, og ein viktig del av samarbeidet med Venstre og Kristeleg Folkeparti, sa Høie på presentasjonen.

Helseministeren seier reforma vil løyse mange problem for pasientar som ventar på nødvendig behandling, sjølv om det er kapasitet.

– Mange er sjukemeldt lengre enn nødvendig. Det er vondt for pasientane og dyrt for samfunnet, sa han.

LES OGSÅ: Studentane slit, fleire krev handling

Ordninga startar for psykisk helsevern, rusbehandling og noko anna sjukehusbehandling. Ordninga skal deretter gradvis utvidast.

Regjeringa informerer om at pasientar kan bruke nettstaden helsenorge.no for å finne informasjon om kva for institusjonar dei kan velje mellom. (©NPK)

LES OGSÅ: – Eit lotteri med unge si helse