Bør Listhaug bli statsminister? Dette svarar medlemmane i FpU

FpU-medlemene Framtida.no snakkar med, meiner det største partiet bør få statsministerposten. Dei meiner også at Sylvi Listhaug er ein dyktig politikar.

Eirik Dyrøy Lotsberg og Einar Nygaard
Publisert

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord. I sommar besøker Framtida.no sommarleirane til ungdomspartia.

– Eg synest det er heilt naturleg at det partiet som er størst på borgarleg side skal få statsministeren. Så det skal vere opp til veljarane å bestemme, rett og slett. Eg synest det er det mest demokratiske, seier Theodor Vik Thorkildsen (17) på spørsmål om kven som bør bli statsminister etter valet.

Framtida.no møter han på sommarleiren til FpU i Skottevik.

– Viss Sylvi blir statsminister, kva tenker du gjer henne godt eigna til jobben?

– Sylvi er ein dyktig politikar og ein sterk leiar. Men som sagt så er det rett og slett opp til folket om ho skal bli statsminister eller ikkje, det er ikkje noko eg skal synast noko om. Det viktige for meg er at Frp får gjennom god Frp-politikk, svarar Thorkildsen.

Unnlèt å svare

Sidan Frp har passert Høgre på meiningsmålingane, har Sylvi Listhaug (Frp) stige fram som ein slags Schrödingers statsministerkandidat.

Då VG tidlegare i sommar spurde henne direkte om ho vil bli statsminister, fekk ho spørsmålet 12 gonger utan å gi eit klart ja eller nei. Til avisa Nordlys kalla ho seg sjølv eit naturleg val, dersom Frp er det største partiet i eit borgarleg fleirtal. Seinare har ho unnlate å rekke opp handa og unnlate å trykke på ein knapp når partileiarane har blitt spurde i plenum kven som er statsministerkandidatar.

Samstundes går refrenget «vi synest det er naturleg at partiet med størst oppslutning får statsministeren» igjen – og for tida heiter leiaren av det største partiet på borgarleg side Sylvi Listhaug.

Følger partilina

I politisk kvarter på NRK onsdag morgon vart FpU-leiar Simen Velle utfordra av programleiaren på statsministerspørsmålet:

– Håpar du at Sylvi Listhaug blir statsminister i Noreg? spurde journalisten.

– Eg håpar at Frp gjer eit svært godt val, og så ser eg for meg at det største partiet får statsministeren etter valet.

– Så då håpar du at det blir Sylvi Listhaug?

– Som sagt, så håpar eg at Frp gjer eit så godt val som over hovudet mogleg, og eg trur at viss ein ønsker ei reell politisk endring i Noreg, så treng tyngdepunktet å ligge til høgre.

Dette refrenget var også å finne på ungdomspartiet FpU sin sommarleir i sommar.

Brei semje

På sommarleiren til FpU får Framtida kontakt med fem ungdomspolitikarar via ein pressekontakt. Vi spør medlemmene kven som bør bli statsminister etter valet, og får likelydande svar.

– Eg synest det største partiet bør få statsministeren, seier Angelika Natalie Bjørnerud (20), fylkesleiar i Oslo FpU og 4. kandidat til Stortinget frå Oslo Frp.

– For meg er det heilt logisk at partileiaren i det største partiet i regjering får statsministeren. Det synest eg er heilt logisk, og det trur eg mange er einige i, seier Filip Czyz (19) sjettekandidat til Stortinget for Telemark FrP.

– Eg synest det er naturleg at det partiet som er størst, får statsministeren, seier Tilde Roswall (19), leiar av Asker og Bærum FpU.

– Eg meiner at det er opp til folket å bestemme kven som skal vere statsminister, og at det forhåpentlegvis blir på borgarleg side, seier Viola Stangenes (19), leiar i Nordmøre og Romsdal FpU.

Heilt naturleg

Framtida spør vidare kva som eventuelt vil gjere Sylvi Listhaug til ein god statsminister, dersom det vert borgarleg valsiger med Frp som største parti.

– Eg synest det største partiet skal få statsministeren, og så skal veljarane få lov til å bestemme det, svarar Bjørnerud.

– Eg meiner at det partiet som blir størst, får statsministeren, svarar Roswall.

– Eg tenker det er framleis det partiet som har størst oppslutning som burde ha statsministeren, seier Stangenes.

– Det er heilt naturleg at det største partiet får statsministeren, viss det partiet vert med i regjering, seier Czyz.

– Dyktig politikar og god leiar

Når vi etter kvart får ei grunngjeving, er FpU-arane relativt knappe og samrøysta i kva dei synest er bra med Listhaug som ein potensiell statsminister. Deltakarane på ungdomsleiren meiner partileiaren er ein dyktig politikar og ein god leiar:

– Ho er ein veldig sterk leiar som klarar å ha eit veldig godt lag rundt seg og klarar å bygge ein organisasjon på ein god måte, i tillegg til å vere ein veldig skarp politikar, seier Bjørnerud.

Vil ikkje spekulere

For å få eit borgarleg fleirtal ser det ut til at Frp og Høgre vil trenge støtte frå KrF og Venstre. Begge desse partia har vore tydelege på at dei ønsker Erna Solberg (H) som statsminister, men Venstre-leiar Guri Melby utelukkar ikkje å støtte Listhaug som statsminister. Også KrF har opna for Listhaug som statsminister.

Tejn Rolland, nestleiar i Unge Venstre, trur ikkje at Sylvi Listhaug har lyst til å bli statsminister.

– Dei einaste som har peikt på henne, er Ap og MDG. Ho er ganske tydeleg når ho i alle debattar svarar nei på det spørsmålet.

– Kva tenker du om måten partiet kommuniserer rundt spørsmålet om Listhaug som statsminister, på?

– Eg skal ikkje tolke og spekulere for mykje. Ho har ikkje sagt tydeleg sjølv at ho vil bli statsminister, og når ho blir spurt i debattar svarar ho tydeleg nei, så då får vi forhalde oss til det.

Tejn Rolland er nestleiar i Unge Venstre. | Foto: Unge Venstre

– Kva tenker du om Sylvi Listhaug som potensiell statsminister i Noreg?

– Det blir eit hypotetisk spørsmål. Vi går til val på det vi meiner er rett for Noreg, som er ei Venstre/Høgre-regjering med Erna som statsminister. Det er veldig mange hypotetiske scenario ein kan spekulere i, utan å gå inn på, seier han.

– Vi er tydelege

Rolland meiner Frp og FpU sjølv må svare for kor tydeleg dei er i sin eigen kommunikasjon.

– Venstre er tydelege på kva vi ønsker oss, seier han.

– Frp er ikkje alltid så populære hos Venstre-veljarar. Trur du frykta for Listhaug som statsminister kan skremme folk vekk ifrå å røyste på Venstre?

– Eg trur folk som vurderer å røyste Venstre har fått med seg kva vi går til val på: Erna Solberg som statsminister i ei blågrøn regjering.