«Alle dei israelske selskapa oljefondet har investert i betalar skatt til Israel. Dei finansierer alle eit krigsmaskineri»
Etter mitt syn bør oljefondet difor ikkje berre trekkje seg ut av selskapa som har knytingar til brot på folkeretten, men alle israelske selskap, skriv Jeffrey Meijer (26).
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Det var ein gong eit pensjonsfond som skulle til børs og samle velstand. Velstanden skulle vere til det norske folk. Det skulle setjast av til framtidige generasjonar, og det skulle drivast forsvarleg. Men i desse stunder drivast det ikkje forsvarleg.
Investeringar i kampfly og dronar
Etter Aftenposten si avsløring om at oljefondet har investert i Bet Shemesh, eit selskap som halde ved like og produserer delar til israelske jagarfly som bomber Gaza, har fleire brikker byrja å falle.
Next Vision er eit anna selskap oljefondet har investert i, selskapet lagar mellom anna kamera brukt i dronar til det israelske militæret. Fondet har vidare investert i Gilat Satellite Networks, eit selskap som 29. juli kunngjorde ei kontrakt med det israelske militæret for levering av satellitt- og kommunikasjonstenester.
Tal frå 31.12.24 viser at oljefondet også hadde investert i bankane Hapoalism, Leumi, og Israel discount bank, bankar som KLP i juli 2021 fann ut at dei skulle trekkje seg ut av grunna bidrag til å utvikle, utvide eller oppretthalde ulovlege busettingar på den okkuperte Vestbreidda.
Per desember hadde oljefondet investert i 65 israelske selskap. Kor mange det er no, og om dei bidrar til krigen i Gaza eller okkupasjon av Vestbreidda er eg ikkje kjend med, utanfor døma som er nemnt.
Skatt finansierer krigsmaskineri
Det burde ha vore sjølvsagt at Noregs Bank, oljefondet, eller etikkrådet tok ansvaret for å gjennomgå investeringar og sjekke om dei bidrar til brot på folkeretten, okkupasjon, svolt eller død.
Dette er heller ikkje noko framand for desse aktørane. Fram til no har Noregs Bank ekskludert 12 israelske selskap for medverknad på brot til individ sine rettar, og mange av dei grunna sin rolle i okkupasjonen av Vestbreidda.
Derimot vil det nok ikkje vere til å unngå, at alle dei israelske selskapa oljefondet har investert i betalar skatt til Israel. Dei finansierer alle eit krigsmaskineri som til no har drepe 61 000 palestinarar, har ført til totaldestruksjon av sivil infrastruktur, og gjer at ei heil befolkning svelt.
Ut av alle israelske selskap
Etter mitt syn bør oljefondet difor ikkje berre trekkje seg ut av selskapa som har knytingar til brot på folkeretten, men alle israelske selskap.
Så når vi lar Nicolai Tangen gå på børs og samle velstand til oss, når vi lar han ta val på vegner av oss, la oss sikre oss at dei vala ikkje er med å finansiere svolt, mord og okkupasjon.