Til dei med knust studiedraum: «Nederlaga har tvinga meg til å tenkje utanfor boksen og sjå etter andre løysingar»
I business har eg gått på smellar og nederlag gjennom heile livet. Eg har tapt pengar, lansert konsept som ikkje fungerer, eg har tapt dealar, og eg har sett selskap gå konkurs, skriv Petter Stordalen.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Innlegget vart opphaveleg publisert på Instagram- og Facebook-kontoen til Petter Stordalen. Framtida har omsett teksta til nynorsk og publisert med løyve.
Sommarferien er snart over for dei fleste, og mange skal snart ta fatt på studium. Mange er no skuffa over ikkje å ha komme inn på førstevalet sitt. For somme er draumen knust. For andre har det første steget av masterplanen gått i vasken. Men er det så sikkert at det er eit nederlag?
I business har eg gått på smellar og nederlag gjennom heile livet. Eg har tapt pengar, lansert konsept som ikkje fungerer, eg har tapt dealar, og eg har sett selskap gå konkurs. Eg har til og med opplevd å få sparken.
Og eg har møtt mange unge gründerar som fortel meg om nederlaga dei har gått på når dei har satsa på ideen sin. Eg pleier å heie på dei. Det er veldig sjeldan at folk lykkast med noko første gong dei prøver. Eller at den første ideen dei har, blir til det produktet eller selskapet dei til slutt lykkast med å skape. Ein vellykka karriere eller businesscase, handlar ikkje om å følgje ein plan til punkt og prikke.
Det handlar om ikkje å gi seg og om å justere kurs og prøve noko anna.
Sjølv har eg nesten ikkje utdanning. Hadde eg kunna velje i dag, hadde eg garantert valt å studere, eg hadde reist utanlands, lært meg språk og lært meg fleire fag. Og då høyrest det kanskje lett ut for meg å seie til unge studentar at dei ikkje skal sjå på det som eit nederlag at dei ikkje kom inn på det studiet dei ønskte seg. Og eg skjønner jo at det er lett å bli skuffa når beskjeden frå Samordna opptak ikkje endar med at du sprett korken på verandaen med bestekompisen.
Men erfaringa mi er at alle dei mange smella eg har gått på gjennom livet, har gitt meg noko nytt også – ikkje berre ny innsikt og lærdom, men også nye kjenningar og andre moglegheiter. Nederlaga har tvinga meg til å tenkje utanfor boksen og sjå etter andre løysingar. Hadde det ikkje vore for at eg fekk sparken i starten av trettiåra, ville eg til dømes aldri drive med hotell.
Så hugs, det viktigaste du kan gjere når planen ikkje fungerer, er å justere kurs.