Snapchat-annonsar vekkjer bekymring hos Forbrukartilsynet
Forbrukartilsynet åtvarar om nye Snapchat-annonsar, og meiner dei kan vera i strid med marknadsføringslova.

I løpet av våren har fleire norske brukarar oppdaga ein ny type reklame i meldingstenester som Snapchat, Instagram og Messenger. Annonsane dukkar nemleg opp som meldingar i innboksen.
Forbrukartilsynet åtvarar mot no mot denne forma for marknadsføring, som dei meiner kan vera i strid med marknadsføringslova, opplyser ABC Nyheter.
– Me forstår godt at folk reagerer på å få reklame rett inn i meldingsinnboksen, midt blant meldingar frå venner og familie, seier Nina Elise Dietzel, underdirektør for tilsynsavdelinga til Forbrukartilsynet.
Ifølgje lovverket blir direktemeldingar omfatta med reklame av spamforbodet, som krev at brukaren aktivt har samtykt til å få slike førespurnader.
– Det held ikkje med vage merkingar som «ad» eller «spons». Reklame må vera tydeleg merka og lett forståeleg også for yngre brukarar, heiter det i vurderinga til tilsynet, forklarer underdirektøren.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har nyleg sendt eit utkast til lov om digitale tenester på høyring. Lova vil stilla strengare krav til tek-gigantar som Google, Meta, Tiktok og Amazon.