Muruvik Vonen går av som språkdirektør

Arnfinn Muruvik Vonen går av som direktør for Språkrådet etter eige ønske.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Språkdirektøren går av

Muruvik Vonen blir fristilt frå stillinga si før åremålet går ut.

– Vonen ønskjer å jobbe meir fagleg med språk enn stillinga som leiar for Språkrådet har gitt moglegheit til.

LES OGSÅ: Språkdirektøren: – Ser ikkje så bra ut

Han har hatt permisjon frå Høgskolen i Oslo og Akershus og tiltrer der no som professor for å arbeide med teiknspråk, seier assisterande departementsråd Henning Henriksen i Kulturdepartementet.

Roy Kristiansen, som i dag er ekspedisjonssjef i departementet, vil frå 22. januar mellombels gå inn i stillinga som direktør i Språkrådet. Fram til 22. januar vil Daniel Ims, seksjonssjef i Språkrådet, fungere som direktør. (©NPK)

LES OGSÅ: Framandkrigar er årets ord