I bokhylla: En Folkefiende var «gatewaydrugen» for Odd Vegard Paulsen
Forfattaren ville ha ete middag med Holberg for å avgjere eit veddemål.

– Eg var med i ein Disney-bokklubb. Mor og søstrene mine måtte trø til, eg likte ikkje å lese sjølv, då eg var liten. På eit tidspunkt var systrene mine så leie av å lese for meg, at dei spelte inn nokre av bøkene på kassett til meg, minnest Odd Vegard Paulsen.
I dag er lektoren frå Bømlo aktuell med debutromanen Heimkomst. Her kan du lese Framtida.no si melding av boka.
Odd Vegard Paulsen
Alder: 33
Frå: Bømlo
Utdanning: Lektor
Yrke: Lektor
Kor mykje les du sjølv? Oi, det har eg ikkje heilt tal på, i år, 2025, mindre enn eg skulle ynskje, det går mykje i barnebøker (pappaperm).
Om Paulsen kan velje kven som speler hovudkarakteren i ei filmatisering av boka, drøymer han om å få med seg ei av Noregs største filmstjerner.
– I all beskjedenheit, ein litt yngre Anders Danielsen Lie. Eller Marlon Brando. Men eg ser at den kan bli vrien. Han måtte vore mykje, mykje yngre.
Ibsen-dop
Trass i at Paulsen ikkje likte å lese som barn, kan det sjå ut som om det snudde i tenåra. Ein litterær klassikar gjorde inntrykk på han.
– Det er ikkje ei bok, såleis, men En Folkefiende var «gatewaydrugen» inn i litteraturen. Eg likte ideen om at fleirtalet ikkje nødvendigvis alltid har rett.

Framsida på Henrik Ibsens handskrivne originalmanus til En folkefiende. Dette verket vart Paulsens inngang til litteraturen. Foto: Offentleg eigedom via Wikimedia Commons
33 år gamle Paulsen les for det meste på kjøkkenet, litt på loftet, og ute viss han har høve til det.
– Det går mykje i realisme, dessverre.
– Kva bok ligg på nattbordet ditt?
– Eg har dei fleste bøkene under nattbordet, viss det tel? Den øvste i bunken er faktisk ei quizbok.
Kjenner seg att i Knausgård
Paulsen skulle ønskje han hadde skrive Bibelen, og meiner Erlend Flornes Skaret er ein undervurdert forfattar.
– Kva meiner du gjer ei bok god?
– Godt spørsmål. Ein kunne sikkert skrive ein master om det spørsmålet. Men minstekravet er at boka skapar ein reaksjon, utover det at det er underhaldande eller spennande. Anten det er emosjonelt eller om det får deg til å tenke og reflektere, det må skapa noko i lesaren.
– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?
– No går det mykje i middagslaging og legging av ungar, så kanskje Karl Ove? svarar Paulsen, og viser til Min Kamp-forfattar Karl Ove Knausgård.
Holberg-veddemål
Dersom Paulsen kunne invitere ein valfri forfattar på middag, hadde valet falle på Ludvig Holberg.

Jorge Luis Borges var ein argentinsk forfattar og omsetjar og var direktør for det argentinske nasjonalbiblioteket. Foto: Grete Stern, offentleg eigedom, Wikimedia Commons
– Eg skulle funne ut om han verkeleg var aseksuell eller ikkje. Ikkje fordi det er så utruleg interessant i seg sjølv, men eg har eit pågåande veddemål.
Om forfattardebutanten berre skulle lese bøker frå éin forfattar heile livet, går han for argentinske Jorge Luis Borges.
– Eg blir ikkje klok på han. Kanskje eg hadde blitt det då. Neppe.